LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Studie- og administrasjonskonsulent - Fakultet for utøvande kunstfag

Søknadsfrist: 20.05.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Fakultet for utøvande kunstfag driv høgare kunstfagleg utdanning- og forsking innanfor utøvande og skapande kunst disipliner. Fakultetet utdannar primært utøvande musikarar og dansarar, instrumental/-dansepedagogar. Dette skjer gjennom utøvande bachelor- og masterprogram, samt årseiningar og vidareutdanningar. Fakultetet har i dag omlag 220 studieplassar og 50 tilsette fordelt på fagseksjonar i klassisk musikk, jazz/improvisert musikk, dans, korpsdirigering, pedagogikk og kunstfagdidaktikk, og ei eining med musikkproduksjon og opptaksteknikk. Fakultetet er aktivt i nasjonale og internasjonale nettverk innanfor sine fagområde, og har eit regionalt ansvar for det nasjonale talentutviklingsprogrammet. Med ein høg frekvens av konserter, førestillingar og formidlingsaktiviteter på fleire utøvararenaer og i nærleik til regionens kunst- og kulturmiljø, er fakultetet også ein profilert kulturaktør i regionen. Fakultetet er strategisk lokalisert i eigen campus i nærleiken av sine primære kompetanse- og fagmiljø, praksisfelt og regionale kontaktnett i Bjergsted kulturpark.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som studie- og administrasjonskonsulent ved Fakultet for utøvande kunstfag frå 1. august 2021.

Som studie- og administrasjonskonsulent vil du få ein variert, interessant og travel kvardag i fakultetsadministrasjonen der du jobbar tett på studentar som utdannar seg som utøvande musikarar, dansarar og instrumental-/dansepedagogar. Ansvarsområde er studieadministrative/studierelaterte oppgåver og generelle administrative oppgåver som førstelinjeteneste.

Hovudoppgåver

Studieadministrative oppgåver:

  • rettleia søkarar og studentar om spesifikke studietilbod, og bidra med informasjon til studentane om undervisning og studiekvardag, bidra til kvalitetssikring av informasjon
  • koordinera ulike aktivitetar i samband med gjennomføringa av studiet
  • registrera og halda ved like studieplanar og -emne i ulike kanalar
  • delta i arbeid med evaluering og kvalitetsutvikling av studieprogram og -emne
  • delta i saksbehandling og oppfølging av individuelle utdanningsplanar og saker om innpassing
  • leggja til rette for internasjonalisering og utveksling i studietilboda og følgje opp utvekslingsstudentar.
  • planlegga, koordinera og gjennomføra eksamen, saksbehandle og følgje opp klagesaker

Administrasjonssoppgåver:

  • ivareta førstelinjeteneste, handtera førespurnader frå mellom anna studentar, tilsette, gjestelærarar og samarbeidspartnarar
  • delta i planlegging og gjennomføring av arrangement, møter og andre aktivitetar
  • foreta nødvendige endringar i timeplan- og romresebookingssystemet
  • hjelpa til ved semesterstart og i oppstartsuka
  • utleige av lokalar og tilgangskontroll
  • ivareta ulike kontorservicefunksjonar for fakultetet

Kvalifikasjonar

Du bør ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå
  • relevant erfaring, helst frå studieadministrativt arbeid

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er serviceinnstilt, samarbeids- og løysningsorientert
  • er initiativrik, strukturert og ansvarsbevisst
  • har stor arbeidskapasitet og arbeider godt sjølvstendig og saman med andre
  • bidrar til å vidareutvikle et godt sosialt arbeidsmiljø
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 410.000-490.000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til fakultets-administrasjonen og oppmodar derfor menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Fakultetsdirektør Stig Åge Solemsli, tlf 51832806, epost stig.solemsli@uis.no eller
  • Studieteamkoordinator Aslaug Margareth Vasshus, tlf 51831376, epost aslaug.lunde@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til teamleiar May Merete Tjessem Opdal, tlf 51833011, epost may-m.t.opdal@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS