LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Økonomirådgjevar / økonomikonsulent - Det psykologiske fakultet

Søknadsfrist: 31.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Er du vår nye økonomirådgjevar/økonomikonsulent?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar / seniorkonsulent (100 %)

Velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar (økonomi) ved Det psykologiske fakultet. Som vår nye medarbeidar vil du inngå i økonomiseksjonen ved fakultetsadministrasjonen. Seksjonen har 6 tilsette, og gir økonomitenester til heile fakultetet. Vi søkjer etter deg som er ein engasjert og dyktig medarbeidar som ønskjer å jobbe med varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver.

Fakultetet sine grunneiningar er lokalisert i sentrum og Årstadområdet/Alrek. Arbeidsstad for denne stillinga vil i hovudsak vere ved campus Årstad og i nært samarbeid med Institutt for klinisk psykologi (IKP) , Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) og Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP).

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå institutta på campus Årstad med økonomitenester
  • Utarbeide årsbudsjett saman med instituttleiinga
  • Oppfølging av budsjett gjennom året, med særleg vekt på dei eksterne prosjekta sin innverknad på instituttøkonomien
  • Utarbeide jevnlege økonomirapportar til instituttråda
  • Dagleg samarbeid med instituttleiing og forskarar ved institutta
  • Oppgåver knytt til eksterne prosjekt i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase
  • Koordinering og prosjektoppretting eksterne prosjekt
  • Budsjettering og re-budsjettering eksterne prosjekt
  • Rapportering eksterne prosjekt
  • Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for

Vi kan tilby ei stilling med varierte oppgåver, kompetanseutvikling, og fagleg oppdatering. Du må rekne med at arbeidsoppgåvene dine vil endre seg over eit tidsom som følgje av seksjonen og fakultetet sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Gode ferdigheiter i bruk av ulike digitale verktøy særskilt i Excel.
  • Erfaring frå prosjektøkonomi er ein føremon, og det er også ein føremon dersom erfaringa er frå universitets- og høgskulesektoren
  • Gode samarbeidsevner og evne til å formidle kunnskap
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
  • Du har evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar i eige ansvarsområde
  • Evne til å være fleksibel og serviceinnstilt
  • Du er strukturert, nøyaktig og opptatt av kvalitet

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 - 65 / 553 500 - 604 400 brutto i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som rådgjevar kan det bli aktuelt å tilsette i stilling som seniorkonsulent (kode 1363). Løn som seniorkonsulent, ltr 57-60/ 526 100 - 553 500 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Kontakt gjerne kontorsjef Solfrid Sture, telefon 55583990 for meir informasjon om stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS