Stilling:

Kommunikasjonsrådgjevar - seniorkonsulent

Søknadsfrist 21. oktober 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.


HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen, er det ledig ei midertidig stilling som kommunikasjonsrådgjevar - seniorkonsulent.

Ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen, er det ledig vikariat i 100% som kommunikasjonsrådgjevar frå 15.11.18 til 1.11.19. Stillinga er lagt til Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Avdelinga har ansvar for å legge til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon nasjonalt og internasjonalt, og sørge for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelinga er også pådriver og tilrettelegger for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet vil du arbeide med ei rekke varierte oppgåver.

  • kommunikasjons- og informasjonsarbeid internt og eksternt
  • kommunikasjonsrådgjeving
  • marknadsføring
  • analyse
  • arrangement og konferansar
  • arbeid med sosiale media
  • innhaldsproduksjon til høgskulens nettsider og intranett

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein omgjengeleg og operativ medarbeidar med god erfaring frå strategisk kommunikasjonsarbeid, og høg kjennskap til forskings- og utdanningssektoren.

Søkjar må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, og eit stort engasjement for høgskulens samfunnsoppdrag.

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg framstillingsevne, spesielt på nynorsk.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskaper blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.

Lønsvilkår

Stillinga vert løna etter lønsregulativet i staten, stillingskode 1363 Seniorkonsulent.Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer oppmerksom på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtalar som gjeld for stillinga. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endring i stillinga sine ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i folket. Ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, og tilsette med innvandrarbakgrunn er difor eit personalpolitisk mål.

Opplysingar om søkjarar kan verte offentlege, sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på lista over søkjarar. Om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Kontaktpersonar

  • Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, Tlf: +47 53 49 14 13

Heimaside

Søk stillinga