Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Institutt for musikkvitenskap

Søknadsfrist: 19.10.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.

Om stillinga

Vi søker en ny kollega til en 100% fast stilling som førstekonsulent SKO 1408/seniorkonsulent SKO 1363 ved Institutt for musikkvitskap, ved Det humanistiske fakultet. Stillinga er ledig frå januar 2023.

Som studiekonsulent vert du ein del av det studieadministrative teamet på eit institutt som har eit spennande og kreativt fagmiljø. I det daglege vil du samarbeide tett med studieleiar og andre studiekonsulentar. I tillegg vil du inngå i studiekonsulentnettverket på fakultetet. Du får ansvaret for eit eller fleire studieprogram ved instituttet, med varierte oppgåver innan studieadministrasjon. Du vil i arbeidet ditt ha mykje kontakt med undervisningsleiar, undervisarar og studentar.

Eksemplar på arbeidsoppgåver

  • undervisnings- og eksamensplanlegging
  • vedlikehald og oppdatering av nettsider (program-, emne- og semestersider)
  • sakshandsaming
  • oppfølging og rettleiing av studentar
  • drift av emne og gjennomføring av eksamen
  • sjølvstendige saks- og utgreiingsoppgåver innan studiefeltet
  • administrativ arbeid med internasjonalisering og utveksling

Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, men det er ein fordel med mastergrad. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner og interesse for team-arbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar og interesse for å lære nye digitale verktøy
  • det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren
  • det er ein fordel med erfaring med studieadministrativt arbeid

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, sjølvstendig og en god relasjonsbygger. Videre er du ein som finner gode løysningar, og som evner å organisere. For å trivst i stillinga tenkjer vi det er viktig at du er ein person som liker å arbeide strukturert, og at du innehar høy grad av fleksibilitet og serviceinnstilling. Det stilles krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 471 300 til kr 534 900 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent
  • lønn frå kr 509 500 til kr 584 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent
  • gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling i eit profesjonelt og spennande fagmiljø
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for å påvirke studieadministrasjonens organisering og utvikling
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Ved eventuell tilsetjing i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og kompetanse.

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om prosessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS