Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Institutt for arkeologi, konservering og historie

Søknadsfrist: 23.10.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er satt saman av tre fag som på kvar sin måte granskar fortida. Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø i arkeologi, den einaste konserveringutdanninga i landet og det største historikarmiljøet i Norden. Instituttet har i underkant av 100 tilsette, inklusive stipendiatar og postdoc. Undervisninga omfattar arkeologi frå steinalderen til mellomalderen, gjenstands- og malerikonservering, og historie frå antikken til vår tid.

Om stillinga

Ei stilling som studiekonsulent (førstekonsulent SKO 1408/seniorkonsulent SKO 1363) er ledig ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH).

Stillinga er ein del av eit team beståande av studieleiar og studiekonsulentar som dekker alt det administrative arbeidet med studieprogramma ved instituttet. Du vil arbeide tett med undervisarar og undervisings- og programleiinga for programma.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen i samarbeid med fagansvarlege
  • Mottak, rettleiing og oppfølging av studentar
  • Utviklingsoppgåver knytt til studieadministrasjon og studieprogram
  • Informasjonsarbeid og vedlikehald av nettsider
  • Generell saksbehandling

Stillinga krev ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde og arbeidsoppgåvene vil variere ut frå korleis dei blir fordelt i studieteamet.

Ved høve kan andre oppgåver bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • relevant arbeidserfaring
  • god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • personleg dugleik og motivasjon for stillinga

Vi ser etter søkarar som:

  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 461 300,- til kr 534 900,- per år, avhengig av kompetanse (lønnstrinn 50 - 58) for stilling som førstekonsulent
  • lønn frå kr 499 500,- til kr 574 700,- per år, avhengig av kompetanse (lønnstrinn 55 - 63) for stilling som seniorkonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Kontaktinformasjon

  • Administrativ leder Lin Malin Ullern, tlf: +47 22840347, e-post: l.m.ullern@iakh.uio.no
  • Studieleder Magne Olav Rønningen, tlf: +47 22857366, e-post: m.o.ronningen@iakh.uio.no
  • HR-rådgiver Hilde Kristine Sletner, e-post: h.k.sletner@hf.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS