Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Seniorkonsulent innan leiarstøtte og forskningsadministrasjon

Søknadsfrist: 08.02.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Seniorkonsulent innan leiarstøtte og forskningsadministrasjon ved Det humanistiske fakultet

Om stillinga

Ei fast stilling som seniorkonsulent (SKO 1363) er ledig i forskingsseksjonen ved Det humanistiske fakultet. Stillinga har spennande og varierte oppgåver retta mot både leiarstøtte og forskingsadministrasjon. Vi søker deg som er sjølvstendig, strukturert og engasjert, og som vil bidra til utviklinga av fakultetet sin administrasjon. Det krevst god organisasjonsforståing og relevant arbeidserfaring.

Fakultetsadministrasjonen har seks seksjonar med til saman ca. 80 medarbeidarar. Fakultetet yter tenester til institutta innanfor verksemdsområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi. Studie- og forskingsadministrasjon er delt mellom fakultets- og instituttnivå. Fakultetsadministrasjonen ved Det humanistiske fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet. Fakultetet blir administrativt leia av fakultetet, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Stillinga er i dag lagt til forskingsseksjonen ved fakultetet.

Med arbeidsoppgåver hovudsakleg innan leiarstøtte, vil den som blir tilsett også ha arbeidsoppgåver innan seksjon for forskingsadministrasjon.

Arbeidet omfattar støtte til fakultetsleiinga, ansvar for organisering av val til råd og styre ved fakultetet, høyringar, med meir. Stillinga vil òg fungere som eigedomskoordinator for fakultetet. Etter nærare avtale med leiar kan den som blir tilsett òg bli tillagt andre oppgåver, avhengig av administrative behov.

Arbeidsoppgåver

For leiarstøtte:

  • Planlegge, prioritere og koordinere fakultetsleiinga sine avtalar, møte og arrangement
  • Gjennomføring av årlege arrangement, som emeritimiddag og æresdoktorkreering
  • Ulike sekretær- og støttefunksjonar for leiinga (styremøte, leiarmøte, med meir.)
  • Organisering og koordinering av val til råd og styre ved fakultetet
  • Utarbeide høyringar og notat til råd og styre
  • Andre oppgåver ut frå administrative behov ved fakultetet

For forskingsseksjonen:

  • Administrative oppgåver og saksarbeid på forskings- og forskarutdanningsfeltet. Arbeidsoppgåver vil kunne variere, men det vil vere særleg aktuelt med oppgåver tilknytt administrasjonen av fakultetet sitt ph.d.-program

Kvalifikasjonskrav

  • Stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskole, minimum tilsvarande bachelorgrad. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring med tilsvarande arbeidsoppgåver (leiarstøtte og/eller forskingsadministrasjon) vil bli tillagt vekt. Det vil vere ein fordel med kjennskap til organisering og administrative rutinar ved Universitetet i Oslo
  • Det er ein føresetnad med god digital kompetanse og erfaring med bruk av Zoom og Teams
  • Det vil vere en fordel med erfaring med bruk av administrative system som f.eks. FS, ePhorte og Cristin
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Det blir lagt avgjerande vekt på om du er personleg eigna for stillinga

Personlege eigenskapar

  • Du må ha god rolle- og organisasjonsforståing og like å handtere mange og varierte arbeidsoppgåver samtidig som du er utprega serviceorientert
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig, effektivt og systematisk og ha eit godt blikk for prosesser og tidsplanlegging
  • Vi forventar at du er fleksibel, omgjengeleg og har ei konstruktiv innstilling, og bidrar aktivt til eit godt samarbeid.
  • Du må kunne ta initiativ, vise til god gjennomføringsevne og vere rask til å sette deg inn i nye saker

Vi tilbyr

  • Lønn som seniorkonsulent (SKO 1363) fastsettast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 499 500 - 574 700, avhengig av ansiennitet og kompetanse
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (med namn, tilknyting, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringsprogrammet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli gjort offentleg sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk forteknisk-administrativt tilsette. Det blir tatt atterhald om endring i arbeidsoppgåver og omorganisering i verksemda, jf. statsansattelova § 16. Stillinga kan få ei anna organisatorisk plassering.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

nkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om korleis søke:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS