Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Vikariat som studiekonsulent (Institutt for musikkvitskap)

Søknadsfrist 20.12.2018

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Eit toårig vikariat som studiekonsulent (førstekonsulent SKO 1408/seniorkonsulent SKO 1363) er ledig ved Institutt for musikkvitskap.

Studiekonsulenten er ein del av eit team på tre som er ansvarleg for alt administrativt arbeid knytt til instituttet sine studieprogram, frå bachelor- til ph.d.-nivå.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning og eksamen
  • Opptak til studieprogramma
  • Studierettleiing
  • Informasjon til studentar, medrekna vedlikehald og utvikling av nettsider
  • Evaluering og kvalitetssikring
  • Førebuing av saker for programrådet
  • Generell sakshandsaming

Andre oppgåver kan også verte lagt til stillinga.

For å tilsetjast som seniorkonsulent må ein i tillegg til desse oppgåvene kunne ta på seg utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god evne til å ordleggje seg munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • god kjennskap til og erfaring med å bruke digitale arbeidsverktøy, til dømes databasar, arkiv- og sakshandsamingssystem, læringsplattformar og nettredigeringsprogram
  • relevant praktisk erfaring med studieadministrasjon
  • det er ein føremon med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren

Vi ser etter søkjarar som

  • er sjølvstendige, tek initiativ og finn løysingar
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • er god til å arbeide saman med andre

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 428 500 – til kr 505 800 kr per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse, for stilling som førstekonsulent
  • lønn frå kr 480 600 – til kr 555 100 kr per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse, for stilling som seniorkonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Vi søkjer i utgangspunktet etter ein førstekonsulent. Ved eventuell tilsetjing i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og kompetanse.

Søknaden skal innehalde

Til informasjon skal følgjande dokument sendast ved den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS