Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Vikariat som eksamenskonsulent i studieseksjonen ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist 19.03.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden. Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Eit års vikariat som eksamenskonsulent ved (førstekonsulent SKO 1408) er ledig i studieseksjonen ved Det humanistiske fakultet.

Studieseksjonen har i dag 22 tilsette som jobbar med ulike studierelaterte oppgåver som dekker heile bredda av studiefeltet, og denne stillinga vil ha eksamensadministrasjon som sitt arbeidsfelt.

Eksamensarbeidet ved fakultetet er organisert som ei eiga gruppe i studieseksjonen med 6 medarbeidarar.

I tillegg til eksamensplanlegging og –gjennomføring, er gruppa og ansvarlig for vitnemål og annan dokumentasjon, godkjenning av norsk utdanning og forvaltning av rutinar og reglar for saksfeltet på fakultetet.

Vidare har gruppa ein viktig brukarstøttefunksjon overfor fakultets institutt. Eksamensarbeidet på HF og UiO er i endring, med stadig fleire digitale eksamenar. Om lag 80 % av studentane på HF tar eksamen digitalt.

Arbeidsoppgåver

  • saksbehandling innan eksamensfeltet (mellom anna inndraging av studieretter, tilrettelagt eksamen)
  • generell eksamensdrift, inkludert avvikling av digital eksamen
  • lage vitnemål
  • studentkontakt og brukarstøtte til fakultetets institutt
  • det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • relevant praktisk erfaring i høve til lignande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren

Vi ser etter søkjarar som:

  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og mestrar stress
  • har gode samarbeidsevner
  • er effektive og nøyaktige

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 442 400 til kr 505 800 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

  • Avdelingsleiar Torill Stave, tlf: 228 44467, e-post: torill.stave@hf.uio.no

For spørsmål om korleis søke:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS