Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Teamleiar innan rekneskap (Seniorkonsulent)

Søknadsfrist: 29.08.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Vi søkjer etter ein dyktig teamleiar som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og forståing for servicerollen. Er du vår neste kollega?

Stillinga er ei fast stilling og høyrer heime i økonomiseksjonen sin rekneskapsgruppe ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga er spanande og byr på interessante faglege utfordringar.

Teamleiaren skal bidra til at fakultetet får ein robust og straumlinjeforma økonomistyring med økonomiarbeid av høg kvalitet, slik at ein sikrar best mogeleg vilkår for forsking og undervisning ved fakultetet. Det er gode mogelegheiter for å vera med på å utvikla stillinga. Økonomiseksjonen har 14 årsverk og stillinga er underlagd seksjonsleiar.

Økonomiseksjonen leverer tenester innan fire hovudområder: prosjektstyring, økonomistyring, rekneskap og innkjøp.

Arbeidsoppgåver

  • Koordineringsansvar for fakultet sitt rekneskap
  • Ansvar for periodeavslutningar og årsavslutning
  • Operativ rekneskapsføring
  • Sikre effektiv utnytting av verktøy og driftsoppgåver innan fagområdet
  • Utvikle rutinar og retningslinjer innan rekneskap
  • Sikra god dialog med, og oppfølging av fakultetet sine einingar på rekneskapsområdet
  • Rådgjeving i rekneskapsspørsmål
  • Bidra til nytenking og vidareutvikling i organisasjonen på sitt fagområde

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgere utdanning frå universitet eller høgskule på masternivå.
  • Utdanning på bachelor nivå kombinert med relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet
  • Erfaring med koordineringsoppgåver innan rekneskapsarbeid
  • God IT-forståing og evne til å arbeide godt på digitale flater
  • Minimum 3 års relevant arbeidserfaring
  • God evne til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og koordineringseigenskapar
  • Resultat- og utviklingsorientert med god gjennomføringsevne
  • Nøyaktig
  • Krav til sjølvstendighet
  • Evne til å presentera økonomi for ikkje-økonomar

Vi tilbyr

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Seksjonssjef Terje Hegge tlf: 22 85 76 95 / 92 49 46 12, e-post: terje.hegge@sv.uio.no

Ved spørsmål om elektronisk søknad: Seniorkonsulent Liv-Hilde Vang tlf: 22 85 2116

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS