Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent (Toårig vikariat) - Institutt for musikkvitskap

Søknadsfrist: 07.05.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Eit toårig vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent SKO1363/førstekonsulent SKO1408) er ledig ved Institutt for musikkvitskap.

Vi søkjer etter ein erfaren studieadministrator som har teft og interesse for samarbeid på tvers av einingar og institusjonar.

Stillinga har instituttet sine to masterprogram og studieretning på HF sitt ph.d.-program som særskild arbeids- og ansvarsområde. Studiekonsulenten vil arbeide tett med undervisarar, og undervisings- og programleiinga for alle programma.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje undervising saman med programleiarane og dei emneansvarlege
  • Eksamensavvikling for MCT-programmet
  • Opptak til masterprogramma
  • Informasjonsarbeid – utforming og vedlikehald av informasjon på programmet sine nettsider
  • Førebu saker for programrådet og følgje opp vedtaka
  • Disputas
  • Generell sakshandsaming
  • Studierettleiing

Andre oppgåver kan også verte lagt til stillinga.

Instituttet har utvikla studietilbodet ein god del dei seinaste åra. Masterprogrammet i musikkvitskap har ein nyoppretta engelskspråkleg studieretning i nordisk musikk. Studieprogrammet «Music, Communication and Technology» er ein fellesgrad mellom NTNU og UiO. Arbeidsoppgåvene knytt til programmet skil seg difor noko frå andre studieprogram på UiO, og krev god forståing for organisasjonen og god samhandling på tvers av institusjonane. Studieretninga i musikkvitskap på ph.d.-programmet er i utvikling som følgje av at instituttet er ein del av eit tverrfakultært Senter for framifrå forsking. Det krevjast difor stor arbeidskapasitet og evne og vilje til nytenking av den som vert tilsett.

Studiekonsulenten er ein del av den administrative staben på instituttet og eit team på tre studiekonsulentar som jobbar tett saman.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelorgrad. Særs relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god kjennskap til og erfaring med å bruke digitale samhandlingsverktøy, databasar, arkiv- og sakshandsamingssystem, læringsplattformar og nettredigeringsprogram
  • det er ei føremon med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren

Vi ser etter søkjarar som

  • er serviceinnstilte og ansvarsmedvitne
  • er sjølvstendige, tek initiativ og finn løysingar
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • trivst med eit høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • evner å handtere mange oppgåver samstundes
  • liker å jobbe med menneske og har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønstrinn 480 600 – 555 100 kr per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse, for stilling som seniorkonsulent
  • lønstrinn 428 500 – 497 000 kr per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse, for stilling som førstekonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Vi søkjer i utgangspunktet etter ein seniorkonsulent med betydeleg studieadministrativ erfaring og kompetanse. For søkjarar med kortare, men relevant erfaring innanfor studieadministrasjon, kan det være aktuelt med tilsetjing i stilling som førstekonsulent.

Søknaden skal innehalde

Til informasjon skal følgjande dokument sendast ved den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • søknadsbrev
  • CV

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS