Ledig stilling på Universitetet i Oslo
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Studiekonsulent (Økonomisk institutt)
Søknadsfrist 02.12.2018
Om stillinga
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Økonomisk institutt har vel 90 tilsette og er det største og høgst rangerte instituttet for økonomisk forsking i Noreg. Instituttet tilbyr eit bachelorprogram og to masterprogram med omlag 350 studentar, samt eit doktorgradsprogram med omlag 40 studentar. Instituttet er vert for eit senterfor studier av likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling (ESOP), og eit senter for offentleg økonomi, Oslo Fiscal Studies (OFS).
Økonomisk institutt har ledig eit vikariat som studiekonsulent (førstekonsulent, SKO 1408) i 5 månader frå 01.01.2019. Arbeidsområde til stillinga er studieadministrasjon (informasjon og sakshandsaming), samt enkelte meir praktisk retta oppgåver knytt til drifta av instituttet.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift av instituttet si Facebookside
- Informasjon til studentar og andre som henvender seg til instituttet. Administrere elektronisk sakssystem, besvare e-post og fordele saker til andre sakshandsamarar ved instituttet. I tillegg bemanne instituttet sin ekspedisjon nokre timar i veka
- Nettarbeid knytt til emne og studieprogram, samt instituttet sine interne sider
- Sakshandsaming av søknader om grunngjeving og klage på eksamenskarakter
- Organisere innlevering av obligatoriske oppgåver
- Sakshandsaming av søknader om masterstipend
- Halde oversikt over pensum for alle emne, ajourføre endringar og bestille pensumlitteratur
- Arrangementstøtte (kandidatmarkeringar og andre arrangement ved instituttet/UiO)
- Samle informasjon til ulike rapportar, mellom anna instituttet sin årsrapport
- Ansvar for innkjøp, nøkler og areal
Me tek atterhald om at nokon av arbeidsoppgåvene i stillinga kan bli endra.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelorgrad frå universitet eller høgskule. Relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Digital kompetanse
- Relevant erfaring frå liknande arbeid
Det er ein føremon om du har
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
- Erfaring med å bruke dataverktøy. I stillinga bruker ein både Office-pakka, Felles Studentsystem (FS), ePhorte (sakshandsamingsverktøy) og nettredigeringsverktøyet Vortex.
Personlege eigenskapar
- Evne til å handtere og organisere mange oppgåver samstundes
- Evner å taka ansvar og jobbe sjølvstendig
- Nøyaktig og har god ordenssans
- Gode samarbeidsevner og serviceorientert
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med eit hyggeleg og inspirerande miljø
- Løn som førstekonsulent, kr 456 900 – 488 500 pr år
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei IA-verksemd
- Gode velferdsordningar
- Trening i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
- søknadsbrev
- CV
- vitnemål og attestar
Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Søk på stillingen