Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Institutt for lingvistiske og studium

Søknadsfrist: 31.10.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet. Dei vitskapleg tilsette ved instituttet arbeider med forsking, undervisning og formidling innan fagområde som omfattar allmenn lingvistikk, fleirspråklegheit, mellomalderstudium (norrøn filologi og keltisk), nordisk litteratur (inkludert litteraturformidling og Ibsen-studium), nordisk språk (inkludert norsk som andrespråk) og retorikk og språkleg kommunikasjon.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Vi har for tida ei ledig stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent 1363) ved Institutt for lingvistiske og studium.

Studiekonsulenten er ein del av eit team på 8 personar som dekker alt det administrative arbeidet med studieprogramma ved instituttet frå bachelor til ph.d.-nivå, samt i tillegg til administrering av kurs i norsk for internasjonale studentar.

Arbeidsoppgåver

  • planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen
  • administrativ drift av program og emne
  • evaluering og kvalitetssikring, medrekna enklare utgreiingsarbeid
  • mottak, rettleiing og oppfølging av studentar
  • informasjonsarbeid og vedlikehald av nettsider
  • generell saksbehandling

Det kan òg bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • relevant arbeidserfaring frå studieadministrasjon
  • personleg høvelegheit og motivasjon for stillinga

Vi ser etter søkarar som

  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 488 000 til kr 563 700 per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsporsessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS