Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Konsulent 1065 (Det odontologiske fakultet)

Søknadsfrist 05.02.2019

Det odontologiske fakultet har ledig stilling

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det odontologiske fakultet er eit av dei leiande odontologiske fagmiljøa i Europa. Fakultetets forskargrupper bidrar med topp forsking innan fleire odontologiske felt. I tillegg til å utdanne tannlegar og tannpleiarar har fakultetet ph.d.-utdanning og profesjonsretta spesialistutdanning.

Fakultetet har høg forskings- og klinisk kompetanse på dei ulike fagfelt, med eit godt tverrfagleg samarbeid. Det er eit moderne fakultet med ca. 450 studentar og ca. 450 tilsette. Fakultetet er også Noregs største tannklinikk med omlag 55.000 pasientbesøk i året. Det odontologiske fakultet har to institutt: Institutt for klinisk odontologi og Institutt for oral biologi.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Om stillinga

Vi har for tida ledig ei fast stilling i 100 % som konsulent, SKO 1065) ved Det odontologiske fakultet, Institutt for klinisk odontologi. Stillingen er for tiden plassert under instituttadministrasjonen og gir administrativ støtte til Avdeling for Kariologi, Avdeling for Protetikk og Avd. for Endodonti. Endringer i oppgaver og struktur vil være aktuelt ved en eventuell endring i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsfeltet omfattar blant anna:

  • Enklare generell sakshandsamingsoppgåver
  • Kontor- og sekretæroppgåver
  • Noe vedlikehald av websider
  • Generell adminisrativ støtte til fagavdelingane

Kvalifikasjonskrav

  • Eitt til to års utdanning ut over videregående skole.
  • Realkompetanse med relevans for dei aktuelle arbeidsoppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • Meistre relevant elektroniske arbeidsverktøy.
  • Praktisk arbeidserfaring fra relevante arbeidsområder er ønskeleg og er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein ansvarsbevisst person som:

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Er fleksibel og kan yte god service.
  • Er utadvendt og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Som er sjølvstendig, nøyaktig og føregripande.

Personleg egnethet vil bli lagt vekt på i tilsettinga.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og hyggeleg arbeidsmiljø
  • lønn som stillingstittel kode 1065 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom lønssteg 50 - 56, som svarar til Kr. 442 400 - 488 500, avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • stilling i IA-virksomhet
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge. Vennligst klikk på "Send søknad".

Det vil ikkje bli teke omsyn til ufullstendige søknader.

Dei som blir innkalla til intervju, bes ta med original attestar og vitnemål.

Vi gjer oppmerksam på at alle dokument må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Eventuelle omsetjingar må vere attesterte.

Andre opplysningar

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

Universitetet i Oslo har ei overtakingsavtale for alle tilsette, med formål å sikre rettane til resultat av arbeid m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Søknadsfrist: 05.februar 2019

Ansettelse: Snarest

Referansenummer: 2019/1250

Kontaktinformasjon

Send søknad

Powered by Labrador CMS