Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Eksamenskonsulent (Det samfunnsvitenskapelige fakultet)

Søknadsfrist 12.12.2018

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, søkjer førstekonsulent (SKO 1408) til fast stilling som eksamenskonsulent.. Den som blir tilsett vil få ansvaret for eksamensadministrasjon knytt til studieprogramma innan psykologi. Stillinga vil inngå i instituttet sin studieseksjon med 8 tilsette og føreset eit tett samarbeid med dei emneansvarlege og dei andre i studieadministrasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsamingsoppgåver knytt til eksamen og kvalitetssystemet ved instituttet
  • Registrering av eksamensresultat og behandling av klagesaker
  • Eksamensplanlegging
  • Noko rettleiing av studentar
  • Moglegheit for andre studieadministrative oppgåver avhengig av kapasitet og behov

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå
  • Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet dersom kandidaten kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået
  • Relevant arbeidserfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Kompetanse som kan vere ein fordel:
    • god kjennskap til UiO-arbeidsverktøy, mellom anna Felles Studentsystemt (FS), Inspera og TP
    • kjennskap til offentleg forvaltning
  • Vi legg vekt på at personen høver i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, nøyaktig, effektiv og systematisk
  • Gode samarbeidsevner
  • Må kunne tenke langsiktig og være flink til å planlegge
  • Må kunne handtere periodar med høgt arbeidspress

Vi tilbyr

  • Stillinga vert løna som førstekonsulent (SKO 1408) med løn frå kr. 464 800 - 505 800 pr. år avhengig av kompetanse
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV
  • Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge
  • Vitnemål og attestar

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Jamfør Offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ynskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Avdelingsleiar Bjørnar Hjulstad tlf.: 22 84 50 05, e-post: bjornar.hjulstad@psykologi.uio.no
  • Personalrådgjevar: Frøydis Gjerpe Bekkedal tlf.: 22 84 51 18, e-post: f.g.bekkedal@psykologi.uio.no (kun ved spørsmål om elektronisk søknad)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS