Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Prosjektcontrollar ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 25.08.2019

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).


Det humanistiske fakultet søker ein prosjektcontrollar. Du får ei nøkkelrolle i å legge til rette for god økonomistyring i prosjekta ved eit av dei største fakulteta på Universitet i Oslo.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Om stillinga

Ei stilling som prosjektcontrollar (seniorkonsulent SKO 1363/ rådgivar SKO 1434) er ledig ved økonomiseksjonen ved Det humanistiske fakultet. Det humanistiske fakultet har om lag 130 eksternt finansierte prosjekt med ei total årleg inntekt på ca. 100 millionar kroner. Fakultetet er òg vertskap for to senter for framifrå forsking.

Prosjektcontrollaren er ein sentral ressurs for budsjett- og analysearbeid på den eksternt finansierte verksemda. Prosjektcontrollaren deltar i økonomirelaterte drøftingar og avgjerdsprosessar i samarbeid med institutta på Det humanistiske fakultet. Oppgåvene omfattar mellom anna generell leiarstøtte, utarbeiding av strategisk informasjon til leiinga, medrekna budsjett- og rapporteringsarbeid, utvikling av økonomistyring, samt deltaking i ulike prosjekter på UiO og lokalt nivå. Det kan òg bli lagt andre oppgåver til i stillinga.

Som tilsett vil du møte brukarar med mangfaldige behov, og du må kunne utvikle gode rapportar og kommunisere godt med vitskapeleg tilsette. Du må like å jobbe i team, både fast og på prosjektbasis. Fakultetet forventar å få auke porteføljen av EU-finansierte prosjekt, og den ledige stillinga vil kunne få ei sentral rolle i dette arbeidet i seksjonen. Den som blir tilsett, må kunne bidra til den faglege utviklinga i prosjektgruppa.

Fakultetet gir fellestenester til institutta innanfor verksemdområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi.

Du vil jobbe med 15 kollegaer på økonomiseksjonen, som er ein del av fakultetsadministrasjonen ved Det humanistiske fakultet.Økonomifunksjonen ved fakultetet er delt i tre faggrupper: basis, prosjekt og rekneskap, der denne stillinga er plassert under prosjekt, men også andre økonomioppgåver ved fakultetet kan bli lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • ansvarleg for økonomisk oppfølging av prosjekt, budsjettering og prognosearbeid ved eitt eller fleire institutt
  • utarbeide strategisk informasjon til leiinga
  • utarbeide analysar som grunnlag for avgjerder
  • støtte til økonomisjef

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (men ein fordel med mastergrad) med hovudvekt på økonomiske fag. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar (god Excel-kunnskap og generelt god systemforståing)
  • det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid (innanfor universitets- og høgskulesektoren)

Det vil bli lagt vekt på om søkaren er godt personleg skikka for stillinga

Vi ser etter søkarar som:

  • er analytiske og strukturerte
  • er proaktive
  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 504 700 til kr 605 500 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent, SKO 1363
  • lønn frå kr 583 900 til kr 667 200 per år, avhengig av kompetanse for stilling som rådgivar, SKO 1434
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Vi søker i utgangspunktet etter ein seniorkonsulent. Ved eventuell tilsetting i stilling som rådgivar vil det bli stilt større krav til sjølvstende og spesialkompetanse.

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad (med ev. vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 25.08.2019

Andre opplysningar

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om korleis søke:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS