Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskningsrådgjevar (Rådgjevar / seniorkonsulent) - Institutt for musikkvitskap

Søknadsfrist: 07.05.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det er ledig ei fast stilling som rådgjevar (SKO1434)/seniorkonsulent (SKO1363) på Institutt for musikkvitskap med arbeidsplass og oppgåver knytt til RITMO Senter for tverrfagleg forsking på rytme, tid og rørsle.

RITMO er eit Senter for framifrå forsking som er finansiert av Noregs forskingsråd. Institutt for musikkvitskap er ansvarleg for RITMO, i nært samarbeid med Psykologisk institutt og Institutt for informatikk. For meir informasjon om RITMO, sjå www.uio.no/ritmo.

Vi søkjer ein drivande dyktig, positiv og serviceinnstilt forskingsrådgjevar med stor kapasitet. RITMO er eit forskingssenter med høge ambisjonar, mange internasjonale gjester og tilsette, og mykje aktivitet. Senteret er i vekst og treng no å styrkje forskingsadministrasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp senterleiinga sine forskingsstrategiar
  • Kartleggje kjelder til ekstern nasjonal og nordisk finansiering, med vekt på Noregs forskingsråd sine kunngjeringar
  • Gje støtte til forskarar som søkjer om ekstern finansiering frå nasjonale og nordiske finansiørar, medrekna arbeid med søknadsbudsjetta
  • Dagleg drift av senteret si nasjonale og nordiske forskingsprosjektportefølje, medrekna å utvikle og halde ved like forskingsprosjekta sine nettsider
  • Utvikle og følgje opp internasjonale nettverk saman med senterleiinga og senteret sine forskarar
  • Koordinere og administrere fagleg arrangement knytt til senteret sine prosjekt
  • Sakshandsaming, mellom anna å kunngjere og tildele interne midlar, utgreingar, forskingsstatistikk m.v.
  • Administrativt ansvarleg for Cristin, medrekna støtte til forskarane og kvalitetssikring av senteret sine registreringar

Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga.

Senteret si verksemd er regulert av rutinar og regelverk på dei tre fakulteta og institutta som eig RITMO. Arbeidsoppgåvene er difor varierte og krev god forståing for organisasjonen. Det er etablert eit eige forskingsadministrativt nettverk, RITMO FANE, for senteret. Forskingsrådgjevaren vert ein del av nettverket.

Senteret har ein liten administrasjon som skal dekkje eit mangfald av arbeidsoppgåver innan forsking, økonomi og generell drift. Det krevjast difor fleksibilitet og stå-på-vilje av dei administrativt tilsette på senteret.

Forskingsrådgjevaren er ein del av den administrative staben på Institutt for musikkvitskap og har administrativ leiar ved instituttet som sin næraste overordna, medan den administrative leiaren på RITMO leiar arbeidet.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå universitet eller høgskule som minimum svarer til bachelorgrad, men det ein føremon med mastergrad. Relevant realkompetanse kan kompensere for kravet om utdanning
  • framifrå kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar og gjerne erfaring med digital samhandling og nettpublisering
  • relevant erfaring frå forskingsadministrasjon
  • personleg eigna for stillinga

Vi ser etter søkjarar som

  • er serviceinnstilte og ansvarsmedvitne
  • evner å prioritere, og arbeide målretta og strukturert
  • er sjølvstendige, tek initiativ og finn løysingar
  • trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • evner å handtere mange oppgåver samstundes
  • er nøyaktig og kan levere sjølv med knappe tidsfristar
  • likar å jobbe med menneske og har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 497 000 til kr 576 100 per år, avhengig av kompetanse for stilling som rådgjevar
  • lønn frå kr 480 600 til kr 555 100 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

Vi søkjer i utgangspunktet etter ein rådgjevar med forskingsadministrativ erfaring og kompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. For godt kvalifiserte søkjarar med kortare, men relevant praktisk erfaring i høve til fagfeltet, kan det vere aktuelt med tilsetjing i stilling som seniorkonsulent.

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS