Stilling:

Organisasjonskonsulent for studiestadane Stord og Haugesund

Søknadsfrist 28. oktober 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling som organisasjonskonsulent for studiestadane Stord og Haugesund.

Hovuddelen (80 %) av stillinga er definert som organisasjonskonsulent for Studenttinget på Vestlandet, og med særskilt ansvar for studiestadane Stord og Haugesund. Studentane er aktive deltakarar i utviklinga av høgskulen, og både studentdemokrati, faglege og politiske organisasjonar, kultur, idrett, media og sosiale foreiningar er viktige bidrag til eit godt læringsmiljø. Ved Høgskulen på Vestlandet er vi opptekne av gode rammevilkår for studentorganisasjonane på alle dei fem studiestadane våre.

Organisasjonskonsulenten skal vere ein ressurs for studentdemokratiet og studentorganisasjonane ved HVL, både administrativt og politisk. Stillinga skal fungere som bindeledd i praktiske saker, sjå til at det er kontinuitet i samhandlinga med høgskulen og praktisk legge til rette for studentdemokratiet og studentorganisasjonane. I det daglege arbeider organisasjonskonsulenten saman med tillitsvalde i Studenttinget, og dei andre to organisasjonskonsulentane ved HVL. Stillinga har formell rapporteringsline til avdelingsleiar for studieadministrasjon ved HVL. Den som vert tilsett må rekna med noko ettermiddags- og kveldsarbeid. I samband med møte og konferansar i regi av Studenttinget, må du rekna med 2-3 arbeidshelgar i løpet av semesteret.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

• Sekretæroppgåver for Studenttinget, slik som innkalling, referat og praktisk tilrettelegging

• Oppfølging av budsjett og rekneskap for Studenttinget

• Gje råd til leiinga av Studenttinget i politiske saker

20 % av stillinga vert nytta til utdanningsadministrative arbeidsoppgåver for HVL. I utgangspunktet vil dette vere deltaking i arbeid med studentopptak/-rekruttering, men i denne delen av stillinga må det påreknast endringar i arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar:

• Erfaring frå organisasjonsarbeid, politisk arbeid og/eller liknande arbeid innafor universitets- og høgskulesektoren vert vektlagt

• Grunnleggande kunnskapar om rekneskap og økonomistyring vil vere ein fordel.

Personlege eigenskaper:

• Serviceinnstilling og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

• Gode språkkunskapar i både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

• Kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar

• Gode IT kunnskapar.

Vi tilbyr elles:

• Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

• Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving- og utvikling

• Fleksitid i samsvar med Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten

• Høve til trening i arbeidstida

Stillinga som organisasjonskonsulent er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1408 førstekonsulent. Fra lønnen vil det bli trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.

Korleis søke stillinga:

Send søknad med vedlegg ved å klikke på knappen merka Søk stillinga på denne sida. Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i Jobbnorge innan fristen. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i høve til ny offentleglov kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjaren ber om unnatak frå søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom dette ikkje vert teke omsyn til.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringa i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegla mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Kontaktpersonar:

  • Leiar for Studenttinget ved HVL, Bjørn Olav Østeby, 480 56 089
  • Avdelingsleiar Espen Fosse, 917 59 332

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS