LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent ved Institutt for politikk og forvaltning

Søknadsfrist: 05.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 1 år. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet vil vere variert, og vil innebere forskingsassistanse, undervisningsstøtte og relaterte oppgåver, bl.a.

  • Oversetningsarbeid til engelsk (forsking, informasjon og sakspapir)
  • Bistand ved faglege arrangement og internseminar
  • Web (oppdatering av nettsider)
  • Kommunikasjon og informasjonsarbeid, inkl. sosiale media
  • Analysearbeid (forsking og utdanning)
  • Enkelte andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad eller mastergrad innan samfunnsvitskap eller humaniora
  • Erfaring med undervisning, forskingsstøtte, rettleiing, seminarundervisning o.l.
  • Erfaring med kommunikasjon, webredigering og sosiale media
  • Framifrå språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • God administrativ IT-kompetanse, inklusiv bruk av statistikkprogram
  • Evne til å arbeide systematisk, sjølvstendig og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning.
  • Løn frå kr. 383200 – 417900 (etter lønssteg 35 – 42) ved tilsetjing (Lpl.17.515/ 1019). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Kandidatar med mastergrad vil bli løna i kode 1020, kr. 478300 (lønnstrinn 51).
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge, via link på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 05.09.2022.

Søknaden skal merkast 2022/11318.

Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS