LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Kommunikasjonsrådgjevar - Fakultet for utøvande kunstfag (vikariat)

Søknadsfrist: 20.10.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnader regionalt, nasjonalt og internasjonalt har me eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Me er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil me løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - me vil utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Fakultet for utøvande kunstfag driv høgare kunstfagleg utdanning- og forsking innanfor utøvande og skapande kunstdisiplinar. Fakultetet utdannar primært utøvande musikarar og dansarar, instrumental/-dansepedagogar. Dette skjer gjennom utøvande bachelor- og masterprogram, samt årseiningar og vidareutdanningar. Fakultetet har i dag ca 220 studieplassar og 50 tilsette fordelt på fagseksjonar i klassisk musikk, jazz/improvisert musikk, dans, dirigering, pedagogikk og kunstfagdidaktikk, og ei eining med musikkproduksjon og opptaksteknikk. Fakultetet er aktivt i nasjonale og internasjonale nettverk innanfor sine fagområde, og har eit regionalt ansvar for det nasjonale talentutviklingsprogrammet. Med ein høg frekvens av konserter, førestillingar og formidlingsaktiviteter på fleire utøvararenaer og i nærleik til regionens kunst- og kulturmiljø, er fakultetet også ein profilert kulturaktør i regionen. Fakultetet er strategisk lokalisert i eigen campus i nærleiken av sine primære kompetanse- og fagmiljø, praksisfelt og regionale kontaktnett i Bjergsted kulturpark.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig eit års vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Fakultet for utøvande kunstfag, fakultetsadministrasjonen. Vikariatet er ledig frå 1.12.2021.

Den som blir tilsett skal bidra til at studietilbodet, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid ved fakultetet blir kjend hos relevante målgruppe.

Hovudoppgåver

  • profilera studietilbodet til fakultetet, konsertar og framsyningar
  • formidla aktivitetane til fakultetet og resultat i tilknyting til forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid
  • planlegga og delta i marknadsførings-/rekrutteringsaktivitet
  • vidareutvikla eksterne og interne nettsider, og publisera innhald på desse
  • vareta informasjon og kommunikasjon gjennom sosiale medium
  • utarbeida informasjons-/marknadsføringsmateriell og mediale ressursar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning innanfor kommunikasjon/marknadsføring/journalistikk, fortrinnsvis på mastergradsnivå
  • relevant og brei erfaring frå strategisk og operasjonelt kommunikasjons- og marknadsarbeid
  • innsikt i strategisk bruk av sosiale medium
  • interesse for og kunnskap om høgare utdanning og forsking/kunstnarisk utviklingsarbeid
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har kjennskap til og interesse for kunstfagleg utdanning og forsking/kunstnarisk utviklingsarbeid
  • har nyheitsteft og at du kan dokumentera erfaring med forskingsformidling
  • er analytisk, grundig og effektiv
  • er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner

Me tilbyd

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 516.000-615.000 bto per år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om tilsettgode og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Verdiane åt universitetet er å vera uavhengig, involverande og skapande. Me vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt og er opptekne av å visa respekt for at folk er ulike og har ulik bakgrunn. Universell utforming ligg til grunn for det fysiske og digitale læringsmiljøet vårt, og arbeidsplassen kjem om naudsynt til å verta lagt til rettes for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Me oppmodar alle om å søkja, ubunde av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om ein i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.

Universitetet ynskjer å rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søkja. Dersom fleire søkjarar vert vurderte å ha jambyrdige kvalifikasjonar, kjem ein mann til å verta prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til fakultetsdirektør Stig Åge Solemsli, tlf 51 83 28 06, e-post [email protected]

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til teamleiar rekruttering May Merete Tjessem Opdal, tlf 51 83 30 11/402 39 696, e-post [email protected]

Søknaden

Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her må ein registrera minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidsrøynsle i tillegg til språkkunnskapar. I søknadsbrevet må ein leggja fram kompetanse og motivasjon for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt anna dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må liggja føre på eit skandinavisk språk eller engelsk. Om vedlegga vert større enn 30 MB samanlagt, må dei komprimerast føre opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava.

Me gjer merksam på at opplysningar om ein søkjar kan verta offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om ikkje å verta oppførd på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom ei slik oppmoding ikkje vert teken til fylgje, kjem søkjaren til å verta varsla om det..

UiS vurderer berre søknader og vedlegg som er registrerte i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS