LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Marknads- og kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 07.02.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2 000 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som marknads- og kommunikasjonsrådgjevar i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Stillinga rapporterer til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Vil du vere med å rekruttere dei beste studentane til universitetet? Vil du jobbe som del av eit team og saman med dei engasjerte studentane våre gjere universitetet og utdanningane våre kjend for verda? Brennar du for digitale kanalar og har evne til å engasjere unge menneske med godt innhald?

Du vil jobbe i studentrekrutteringsteamet, og på lag med dei dyktige medarbeidarane våre i avdelinga og på fakulteta, samt andre interne og eksterne aktørar. Du vil også inngå i institusjonelle nettverk innanfor fagfeltet.

Hovudoppgåver

  • saman med rekrutteringsteamet planleggje og delta i marknadsførings- og rekrutteringsaktivitetar
  • produsere engasjerande innhald til digitale kanalar og sosiale medium spesielt, i hovudsak annonsering (Google Ads, Facebook og Instagram). Ansvar for kanalane LinkedIn og Google Ads samt oppfølging og evaluering av resultat.
  • planleggje skulebesøksturnar og andre aktivitetar saman med studentambassadørane våre
  • gi råd til leiarar og tilsette om marknadsføring, kommunikasjon og samfunnskontakt

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning innan marknadsføring og/eller kommunikasjon, fortrinnsvis på masternivå.
  • relevant erfaring frå operasjonelt og strategisk marknads- og kommunikasjonsarbeid
  • solid erfaring frå strategisk arbeid med digitale kanalar og med publisering i, og drifting av, sosiale mediekanalar
  • svært god skriftleg formuleringsevne både på bokmål, nynorsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er strukturert og grundig med evne til å arbeide sjølvstendig
  • er målbevisst, engasjert og tek initiativ til forbetringar
  • er analytisk, effektiv og allsidig

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn som rådgjevar etter Statens lønnsregulativ, l.pl 90.500, kode 1434, kr 615 000 -650 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil en mann bli prioritert føre ei kvinne.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt Anne Selnes, mobil 951 96 107, e-post anne.selnes@uis.no.

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Kaja Lillelien, tlf.: 51 83 13 10, e-post: kaja.lillelien@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS