LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsrådgjevar - Studieadministrativ avdeling

Søknadsfrist: 18.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsrådgjevar

Ved Universitetet i Bergen er det ledig ei fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar.Stillinga er plassert ved Studieadministrativ avdeling, som er ei sentral administrativ eining med oppgåver knytt til mellom anna studentrekruttering, studieinformasjon, opptak og mottak av studentar, eksamensadministrasjon, etter- og vidareutdanning, kvalitetssikring av og internasjonalisering av studiar.

Arbeidsoppgåver:

I stillinga vil du jobbe tett med viserektor for utdanning, Kommunikasjonsavdelinga og fakulteta, og koordinere mediekontakt mellom leiinga, media og dei aktuelle einingane internt.

Du vil:

  • Ha redaktøransvar for webområda for utdanning - utvikling, brukartesting, revisjon og analyser
  • Arbeide med strategisk kommunikasjon,
  • Rådgjeving for leiinga innan kommunikasjonsfeltet og Internkommunikasjon
  • Vere mediekontakt i utdanningssaker
  • Leie eller koordinere utviklingsprosjekt knytt til kommunikasjon i utdanningssaker
  • Utarbeide kommunikasjonsplanar i prosjekt og prosessar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Har gode evner til kommunikasjon
  • Er sjølvstendig og tar initiativ
  • Er ein lagspelar som trivst med samarbeid med andre
  • Kan arbeide effektivt, strukturert og utviklingsorientert med kontinuerleg fokus på kvalitet og som evner å sjå gode saker som kan profilere UiB og som sjølv kan drive innsalg av slike saker til media

Du må ha høgre utdanning på masternivå innan kommunikasjon. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis. Du må og ha erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid og medierådgjeving frå større verksemd. Erfaring med webutvikling vil og vere ein føremon.Du må kunne nytte begge målformer og kunne uttrykkje deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk. Vi vil leggje stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 65 - 75 (for tida kr 586 500 - 708 000) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar og tenesteansiennitet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Torunn Valen, 55 58 66 32 / 482 394 97

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS