Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Journalist - Uniforum

Søknadsfrist: 09.08.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Uniforum er ei dagleg oppdatert nettavis som blir utgitt av Universitetet i Oslo. Avisa vert redigert etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten og er medlem av Fagpressa. Uniforum skal fremja sakleg og fri informasjons- og opinionsformidling om faglege og forvaltingsmessige spørsmål på tvers av institutt/fakultetsgrenser og administrative nivå.

Det er ledig eit vikariat i 50 prosent stilling som journalist i Uniforum ved Universitetet i Oslo frå og med 01.09.2019 til 31.12.2020, men med mogleg forlenging.

Den som blir tilsett som journalist/seniorkonsulent skal skriva nyhende- og featureartiklar for nettavisa Uniforum. Språket i Uniforum er bokmål og nynorsk.

Uniforum er ei nettavis som publiserer saker dagleg, sjå http://www.uniforum.uio.no/. Den som blir tilsett, vil vera under redaksjonell og administrativ leiing av ansvarleg redaktør Martin Toft.

Arbeidsoppgåver

  • Skriva nyhende- og featureartiklar

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning på universitets- og høgskulenivå, relevant realkompetanse kan erstatta utdanningskravet
  • Journalistfagleg røynsle
  • Kjennskap til UiO eller universitets- og høgskulesektoren

Personlege eigenskapar

Personen som me er på jakt etter, må ha evna til å arbeida sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Løn som seniorkonsulent kode 1363 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 480 600 og kr 576 100, avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

Søknadsbrev, arbeidsprøvar, CV, vitnemål og attestar må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Redaktør: Martin Toft, tlf: 41514038
  • Journalist: Helene Lindqvist, tlf: 92206767

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS