Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Kommunikasjonsrådgivar (vikariat) - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 17.05.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Vi er på jakt etter ein effektiv og sjølvstendig kommunikasjonsrådgivar med høg arbeidskapasitet

Om stillinga

Kommunikasjonsseksjonen på Det humanistiske fakultetet er på jakt etter ein effektiv og sjølvstendig kommunikasjonsrådgivar med høg arbeidskapasitet.

Stillinga er ei mellombels 100 % tilsetting for eitt år. Gjennom å skrive artiklar og arbeide med fakultetet sine nettsider, skal den som blir tilsett bidra til å synleggjere alt HF gjer på studie- og forskingsfeltet på heilskapleg og engasjerande vis.

Stillinga inneber å arbeide på tvers av ansvarsområde internt i seksjonen, og elles i tett samspel med resten av dei vitskapelige og administrative miljøa i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Skrive artiklar innanfor både studie- og forskingsfeltet
  • Publisere saker på nettsidene og dele på sosiale media
  • Lage video
  • Utarbeide og gi kommunikasjonsfaglege råd til nettsider for forskingsprosjekt og arrangement
  • Måle og evaluere kommunikasjonstiltak
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare relevant journalist- og/eller kommunikasjonsfagleg utdanning, minimum på bachelornivå. Anna relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Gode formidlingsevner på norsk og engelsk
  • Redaksjonell erfaring frå media eller liknande
  • Høg digital kompetanse og erfaring med å tilpasse og prioritere val av format til ulike kanalar
  • Erfaring med å skrive og med å formidle innhald/nyheitsstoff
  • God kjennskap til bruks- og delingspotensiale til sosiale media
  • Det vil bli lagt stor vekt på om søkaren er godt personleg skikka for arbeidsoppgåvene i stillinga

Det er òg ein fordel med erfaring frå prosjekt- og koordinering, kunnskap om utvikling av kommunikasjonsplanar, erfaring med rådgiving og erfaring med måling og analyseverktøy.

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, initiativrik og løysningsorientert
  • Du jobbar strukturert og analytisk
  • Du er sjølvstendig, trives med høgt tempo og kan handtere mange oppgåver samtidig
  • Du har god forståing for å jobbe i ein stor organisasjon, og evner å fange opp mulige utfordringar, sjå løysingar og skape resultat i ei kompleks verksemd
  • Du er flink til å finne dei gode historiene og kommunisere komplekst innhald på eit forståeleg og engasjerande vis
  • Du er ein dyktig lagspelar og er flink til å bygge og ta vare på relasjonar og nettverk

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 535 200 til kr 608 200 per år, avhengig av kompetanse i stillingskode 1434 Rådgivar
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål
  • to arbeidsprøver

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysingar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga: kommunikasjonssjef Petter Løken, telefon 952 37 474

For spørsmål om korleis søke: personalrådgivar Julie Tøllefsen

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS