Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist 08.04.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Har du redaksjonell erfaring, god forståing for visuell kommunikasjon og sterk digital kompetanse? Vi er på jakt etter ein kreativ og løysingsretta kommunikatør som har evne til å finne og formidle dei gode historiene.

Vi er ein serviceseksjon som yter kommunikasjonstenester til fakultetets institutt og til fakultetsleiinga. Hjå oss vil du skrive artiklar, lage video og podkast og jobbe aktivt med distribusjon av innhald i ulike kanalar. Du vil og jobbe strategisk med rådgjeving, kommunikasjonsplanlegging, og med å vidareutvikle dei eksterne kommunikasjonstenestene som seksjonen gjev. Du vil jobbe mykje i samspel med organisasjonen på tvers av fagmiljø og administrative område.

Arbeidsoppgåver

  • Skrive artikkelstoff og produsere video og podkast om fakultetets faglege verksemd ved institutt og sentre
  • Mediearbeid: selje inn sakar og rådgje leiinga ved fakultet og institutt
  • Publisere saker på nettsidene og dele på sosiale media
  • Lage produksjonsplanar for saker i dialog med institutta
  • Promotere større arrangement
  • Lage kommunikasjonsplanar, og måle og evaluere kommunikasjonstiltak
  • Andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonskrav

  • Høg redaksjonell og digital kompetanse
  • Solid røynsle med å skrive og med å formidle nyhendestoff
  • Trening i å finne dei gode historiene og kommunisere komplekst innhald på eit tydeleg og engasjerande vis
  • Gode formidlingsevner på norsk og engelsk
  • Høgre relevant journalist- og/eller kommunikasjonsfagleg utdanning, minimum på bachelornivå. Anna relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet

Erfaring med å lage film og podcast er ein fordel. Det er også ein fordel med prosjekt- og koordineringserfaring, røynsle med rådgjeving og erfaring med målingar og analyseverktøy.

Personlege eigenskapar

  • Du jobbar strukturert og analytisk, trivst med ei stor kontaktflate og evnar å skape resultat i ein stor organisasjon
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert, trivst med høgt tempo og kan handtere mange oppgåver samtidig
  • Du er ein typisk lagspelar og god til å bygge og ta vare på relasjonar og nettverk

Vi tilbyr

  • løn som rådgjevar (SKO 1434) eller seniorrådgjevar (SKO 1354) fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 544 400 og kr 607 700 eller kr 586 500 og kr 658 300 avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid, stimulerende arbeidsmiljø og gode velferdsordningar
  • høve til trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

Til informasjon skal følgande dokument sendast ved den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • søknadsbrev
  • CV
  • evt. vitnemål og attestar

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Søknadsfrist: 8. april 2019

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS