Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Førstekonsulent / Seniorkonsulent innan forsking og studiar

Søknadsfrist 04.03.2019

Ei stilling som førstekonsulent SKO 1408/seniorkonsulent SKO 1363 er ledig ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk
(ILOS) ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo er eit av dei største og mest mangfaldige fagmiljøa for humaniora i Norden. Våre ca. 130 tilsette driv omfattande forsking, undervising og samfunnskontakt innan litteratur, områdekunnskap og språkvitskap knytt til europeiske språk utanom dei nordiske. Mange av forskarane bidreg til at allmenta får innsikt i resultata til forskinga. ILOS har eit levande forskingsmiljø med ei brei internasjonal samarbeidsflate. ILOS har 80 tilsette i vitenskapelege stillingar; ca 30 stipendiatar og postdoktorar samt 18 i administrative stillingar. ILOS har omtrent 300 masterstudentar og 1000 bachelorstudentar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Den som vert tilsett vil få det administrative ansvaret for stipendiatane ved instituttet. Vedkommande kan ved høve vere sekretær for tilsettingskomitear for nye stipendiatar, og etter at stipendiatane byrjar, vil den som vert tilsett følge dei opp i samarbeid med ph.d.-leiar. Dette inneber mellom anna oppfølging av kontrakt, samarbeid med rettleiar, oppfølging i samanheng med innlevering av avhandling, disputas med meir.

I stillinga inngår òg sakshandsaming, utlysning og tildeling av interne midlar og arbeid med statistikk knytt til forsking. Den som vert tilsett vil få ansvaret for kvalitetssikring av instituttet sine forskarar sine registreringar i Cristin. Stillinga vil òg omfatte administrative og praktiske oppgåver i samanheng med ulike arrangement.

Den som vert tilsett vil òg arbeide i periodar med studieadministrative oppgåver. Dette kan til dømes vere oppgåver innan eksamen og studiekvalitet.

Den som vert tilsett vil samarbeide tett med faglig leiing ved instituttet og med resten av instituttet sin administrasjon. Det kan vere aktuelt å få oppgåver innan eksternfinansiering, medrekna budsjettering, i samarbeid med instituttet sin forskingsrådgjevar. Andre oppgåver kan vere å finne ulike finansieringskjelder innan forsking og assistere forskarane med søknader.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, men det er ein fordel med mastergrad. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god økonomiforståing
  • gode IT-kunnskapar. UiO nyttar mellom anna FS og ePhorte innan sakshandsaming
  • det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid (innanfor universitets- og høgskulesektoren, ikkje minst frå forskingsadministrasjon, men erfaring frå studieadministrasjon er òg ein fordel.

Vi vil legge stor vekt på motivasjon og på at personen høver i stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter søkjarar som:

  • arbeider sjølvstendig og som kan vise til gode resultat
  • er effektive men som samstundes leverer arbeid av høg kvalitet
  • er initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • årslønn kr 442 400 – 505 800 per år, avhengig av kompetanse, for stilling som førstekonsulent
  • årslønn kr 480 600 – 555 100 per år, avhengig av kompetanse, for stilling som seniorkonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Vi søkjer i utgangspunktet etter ein førstekonsulent. Ved eventuell tilsetjing i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og kompetanse.

Søknaden skal innehalde

Til informasjon skal følgjande dokument sendast ved den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS