LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

Søknadsfrist: 04.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar

Vil du vere med å utvikle eit internasjonalt, dynamisk og spennande forskings- og undervisningsmiljø?

Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar for Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF). Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar, og tilsetjingsperioden er fire år med høve til å søkje om forlenging i ein ny periode. Tilsetjing frå 01.08.2023.

Som instituttleiar ved FOF vil du få arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige, inspirerande og inspirerte kollegaer. Du skal vera med på å forme eit institutt der tilsette kan trivast og yte sitt beste. Instituttleiaren får innblikk i universitet som organisasjon og samspelet mellom dei ulike nivåa. Som leiar for den faglege og administrative staben skal du ha evne til å ta initiativ der det er rom for påverknad, og du må òg ha fokus på utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet. Du samarbeider tett med leiargruppa ved instituttet, og får støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har om lag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert om lag 10 stipendiatar/postdoktorar og 6 administrativt tilsette.

Instituttet tilbyr undervisning på alle nivå i filosofi. Det har òg ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod og innføringsemna Språkkunnskap og Akademisk skriving ved Det humanistiske fakultet. Tre forskingsmiljø ved instituttet har i seinare tid mottatt prestisjefylte stipend, mellom anna toppforskprosjektet «Coincidence Analysis». Wittgensteinarkivet høyrer òg til instituttet. Meir informasjon om instituttet finst her.

Arbeidsoppgåver og ansvar:

Instituttleiar har det overordna ansvaret for den samla faglege og administrative verksemda ved instituttet. Instituttleiaren har fullmakt til å prioritere og gjere strategiske val innanfor instituttet sine samla ressursar, med unntak for dei sakene som skal avgjerast i instituttrådet.

Leiaren sitt ansvarsområde omfattar strategisk og fagleg-politisk leiing og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling ved instituttet. Stillinga har arbeidsgjevaransvar ved instituttet, ansvar for HMS-tiltak og administrasjon, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker.

Utvikling og drift av forskingsaktiviteten er ein del av den faglege leiinga. Det høyrer med til instituttleiar sine oppgåver å stimulera tilsette til å skaffe ekstern forskingsfinansiering og oppmuntre til forskingsformidling. Instituttleiar har ansvar for det internasjonale samarbeidet ved instituttet

Vi søkjer ein instituttleiar som:

  • Bør ha professorkompetanse og leiarerfaring innanfor instituttet sine fagområde eller nærståande fagfelt
  • Har god kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking, utdanning og forskingsfinansiering for fagområda ved instituttet
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved universitetet er norsk.

I tillegg blir det lagt vekt på:

  • Gode leiar-, samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til strategisk tenking og planmessig handling innanfor gjevne ressursrammer
  • Evne til å arbeide resultatorientert mot fastsette mål
  • Evne til og erfaring med personalleiing og økonomistyring
  • Evne til å motivere og leggje til rette for samarbeid og gode relasjonar til dei tilsette

Vi tilbyr:

  • Interessante og utviklande leiaroppgåver
  • Eit fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale, 1023.800 – 1094.400 kr. brutto per år (kode 1475, tilsvarande lønssteg 87 – 90 i statens regulativ) avhengig av kompetanse og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Mogeleg fast stilling etter utløp av to heile åremålsperiodar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller e-post camilla.brautaset@uib.no eller til
  • Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41 / 908 85 702 eller e-post kim.hommen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner blir spesielt oppmoda om å søkje.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida, ”Søk på jobben” til Universitetet i Bergen.

Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom ein får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 04.01.2023

UiB-id: 22/17972

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS