LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar ved Geofysisk institutt – åremålsstilling

Søknadsfrist: 16.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar ved Geofysisk institutt – åremålsstilling

Ved Geofysisk institutt er det frå 15. august 2023 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år.

Om instituttet

Geofysisk institutt er eitt av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapeleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Fakultetet sine strategiske satsingar er marin, klima og energi, og Geofysisk institutt speler ei sentral rolle i desse.

Hovudoppgåver ved instituttet er utdanning og forsking innan klimadynamikk, meteorologi, fysisk og kjemisk oseanografi og havvindenergi. Instituttet er også sentralt i Bjerknessenteret for klimaforsking. Instituttet har stor aktivitet i polare strok, og er tildelt vertskap og ansvar for Bergen Offshore Wind Center.

Instituttet har for tida 22 vitskaplege stillingar, og totalt 150 tilsette. I studieprogramma har instituttet om lag 50 masterstudentar og til saman vel 250 studentar på bachelorutdanning og 5-årig integrert masterprogram i energi (siv.ing.), og 50 er tatt opp til ph.d.-utdanning ved instituttet. Geofysisk institutt disponerer vel 50 millionar over universitetets grunnbudsjett i 2022, i tillegg er det ei ekstern portefølje på drøye 90 millionar kroner.

Nærare opplysningar om Geofysisk institutt kan ein finne på instituttet si heimeside.

Om stillinga

Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon, samt overordna personal-, HMS- og økonomiansvar. Ei viktig oppgåve er å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering, då forskingsverksemda ved instituttet avheng av at ein lukkast med dette. Instituttleiar leiar instituttrådet, rapporterer til dekanen og inngår i fakultetet si leiargruppe. Det er venta at instituttet er ein sterk aktør innan vêr, hav, klima og fornybar energi og relatert forsking og utdanning, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen
  • bidra til utviklinga av fakultetet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling
  • sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • leggje til rette for at instituttet får ein rettvis kjønnsbalanse
  • skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog
  • sørgje for tenleg infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutvikling
  • har klare visjonar for instituttet sine fagområde inn i det neste tiåret både for instituttet, men også i den nasjonale geofysikk-tradisjonen
  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing
  • har visjonar og tankar for vidareutvikling av instituttet dei neste 5-10 åra
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet
  • har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt
  • gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og i engelsk

Ved vurdering av søkjarane vil vi legge vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande internasjonalt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

Alle spørsmål vert handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om, og resultat frå, aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid tilleggast vekt ved rekruttering av leiare.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS