LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Systemutviklar - IT-avdelinga

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Er du vår nye webutviklar?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Er du vår nye webutviklar?

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.

Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga vil ha ei produktbasert tilnærming til våre leveransar. Den jobben har så vidt starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.UiB skal i dei komande åra gjere store omleggingar av www.uib.no, og det er etablert eit prosjekt der vi skal vidareutvikle og etablere nye digitale kanalar for ekstern og intern kommunikasjon. Med oss i prosjektet treng vi ein full stack webutviklar!

Ved IT-avdelinga er det ledig stilling som systemutviklar i produktgruppa digital administrasjon og formidling, knytt til publisering. Som utviklar i denne produktlinja vil du vere medansvarleg for utvikling av mellom anna www.uib.no og www.universitetsmuseet.no

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i prosjekt for nye eksterne nettsider for UiB
  • Utvikle og forvalte UiB sine webløysingar
  • Jobbe med utvikling, integrasjon, testing og implementering av både hyllevare- og UiB-utvikla løysingar
  • Kvalitetssikring, produksjonssetting og dokumentasjon

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Kompetanse på Linux-plattform for utvikling og publisering er eit krav.
  • Erfaring med ein eller fleire av følgande er ein fordel: Drupal, PHP, Javascript og Python.
  • Erfaring med server-teknologi som Apache, Nginx, og databaser (PostgreSQL, Mariadb).
  • Erfaring med container-teknologi som Docker og Kubernetes er ein fordel.

Vi søker ein person som:

  • Er serviceinnstilt og oppteken av å finne løysningar
  • Liker å jobbe i team
  • Kommuniserer godt (munnleg og skriftleg på norsk og engelsk) på tvers av fagområder og i dialog med leverandør
  • Har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Har evne og vilje til å samarbeide og dele kunnskap
  • Er nysgjerrig og med evne til å tileigne seg naudsynt kompetanse
  • Er sjølvstendig og strukturert, og har fokus på detaljar

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i ltr 60-67 (for tida kr. 543 500 - 615 800 brutto) i Statens regulativ etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Produktleiar Kristian Holst (kristian.holst@uib.no, mobil) eller
  • Underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 46 47 46 44)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS