Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Nettverksingeniør ved IT-avdelinga

Søknadsfrist: 04.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger.

Les meir om IT-avdelinga her.

Nettverksingeniør - overingeniør/senioringeniør ved IT-avdelingen

Vær med å forme framtidas IT-tenester for UiB!

Ved IT-avdelinga, Faggruppe for nettverk er det ledig ei fast stilling overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling og drift av nettverk.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vidareutvikling LAN/WAN/WIFI nettverk.
  • Drift og leveranse av tenester innanfor routing, switching og sikkerheitsløysningar
  • Automatisering av driftsoppgåver
  • Overvaking, feilsøking og løysning av 2- og 3-linje oppgåver
  • Planlegge og gjennomføre større endringar på teknisk driftsplattform
  • Deltaking i leveranseoppdrag og prosjekter
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God generell IT kompetanse
  • Erfaring med drift av mellomstore og store nettverk
  • Kunnskap om automatisering av driftsoppgåver
  • Erfaring med feilsøking og feilretting i komplekse IKT-miljø
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
  • Interesse for brukarinteraksjon
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet
  • For å bli tilsett som overingeniør eller senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, 53-71 (for tida kr 472 000- 655 400), eller 58-71 (for tida kr 513 600- 655 400) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkarar, kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller
  • Gruppeleiar Yngve Kleppestø e-post yngve.kleppesto@ uib.no, tlf 992 05 994

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS