Stilling:

Avdelingsingeniør (vikariat) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist 21. oktober 2018

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig stilling (vikariat) som avdelingsingeniør frå 01.10.2018 og til 30.04.2019. Det kan verte aktuelt at to personar delar ein stilling (2 x 50% stilling), dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til ein 100 % stilling.

Om instituttet:

https://www.uib.no/klin2

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga er knytt til Forskingseining for helseundersøkelsar (FHU) https://www.uib.no/fhu som er ei nyoppretta forskingseining gjennom eit samarbeid mellom Det medisinske fakultet og Haukeland Universitetssjukehus. Eininga har som hovudformål å gjennomføre kliniske studiar på friske og på sjuke personar.
  • Arbeidsstad er Haukelandsbakken 45 til Jul 2018, og Overlege Danielsens Hus, Årstadveien 21 fra januar 2019
  • Hovudoppgåvene vil vere:
    • utføre standarundersøkingar av studiedeltakarar, utfylling av spørjeskjema, registrering av studiedata/-dokumentasjon, og blodprøvetaking
    • å gi råd om praktisk gjennomføring av kliniske studiar
    • endelig vil det vere viktig å arbeide for gjere eininga kjent blant potensielle brukarar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: FHU sin leiar, professor Francisco Gómez Real, e-post: francisco.real@uib.no, tlf.: 91561146.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad innan relevant område, eller tilsvarande utdanning. Manglande formell utdanning kan kompenserast med lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Erfaring frå å leia datainnsamling i forbindelse med kliniske studiar er ein føremon.
  • Ønskeleg med helsefagleg bakgrunn (til dømes bioingeniør eller sjukepleiar) då det vert nødvendig med blodprøvetaking og –handtering. Søkjar må ha godkjenning for å utføre slikt arbeid.
  • Laboratorieerfaring og GCP-kurs vil vere ein føremon.
  • Gode samarbeidsevner og dokumentert evne til sjølvstending arbeid.
  • God kunnskap i norsk og engelsk og god evne til å kommunisere.
  • I vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar for stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør kode 1085/20.10) med bachelorgrad i lønssteg 47-52(for tida kr 421 700 – 456 900). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS