Stilling:

Avdelingsingeniør (mellombels) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist 23. september 2018

https://id.jobbnorge.no/Account/Login?ReturnUrl=%2Fauth%2Fauthorize%3Fclient_id%3Djobbnorge.jobseeker.angular%26redirect_uri%3Dhttps%253A%252F%252Fwww.jobbnorge.no%252Fjobseeker%252FSignIn%26response_type%3DtokenVed Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei 100% mellombels stilling som avdelingsingeniør i 5 månader.

Stillinga er finansiert av Noregs forskingsråd, og er knytt til prosjektet «Development of job-exposure-models for risk assessment of benzene exposure».

Hovudoppgåver

Stillinga er knytt til eit prosjekt som skal skaffe ny kunnskap som skal nyttast i risikovurdering ved eksponering for benzen blant arbeidstakarar offshore. Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er å hente inn data frå samarbeidspartnar, etablering av database, registrering av data og innleiande analyser.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Magne Bråtveit, tlf. 55 58 60 73 / 992 05 955, e-post: magne.bratveit@uib.no

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • søkjar må ha relevant bachelorgrad. For interne søkjarar kan relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • relevant praksis er eit krav
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/20.10) med bachelorgrad i lønssteg 47-52 (for tida kr 421 700 - 456 900), med mastergrad lønssteg 51-53 (for tida kr 449 400- 464 800). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og tilsetje personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kopi av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS