LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Tungrekning (linux) – senioringeniør / overingeniør ved IT-avdelinga

Søknadsfrist: 17.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!

Ved IT-avdelinga, produktlinje vitskaplege berekningar er det ledig ei fast stilling overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling og drift av vitskapeleg infrastruktur. Stillinga er hovudsakleg knytet til utvikling og drift av nasjonal tungreknings infrastruktur.

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga vil ha ei produktbasert tilnærming til våre leveransar. Den jobben har så vidt starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vidareutvikling av teneste for vitskapeleg databehandling
  • Drift og vidareutvikling av teneste «NIRD Service Platform»
  • Bidra i drift og utvikling av andre tenester og leveransar frå NRIS - Norwegian research infrastructure services | Sigma2 bla
    • Betzy – 172 000 kjerner, 6.2 PFLOPs
    • FRAM – 35 000 kjerner, 1.1 PFLOPs
    • Saga – 10 000 kjerner, 32 NVIDIA GPUs
    • NIRD 11 PiB (oppgraderes til 32 PiB)
  • Deltaking i prosjekter i e-infrastruktur lokalt, nasjonalt og internasjonalt for behandling av forskingsdata
  • Automatisering av drift og tenester for vitskapeleg databehandling
  • Brukarstøtte og opplæring på bruk av vitskapelege tenester
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse innan programmering (et eller fleire av språk: Python, Fortran, C, C++)
  • Kompilering og drift av vitskapeleg programvare på Linux
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
  • Interesse for brukarinteraksjon
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet
  • For å bli tilsett som overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg
  • Gode engelskkunnskapar

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Det er ønskeleg om du har kjennskap til en eller fleire av følgande:

  • Kubernetes, Docker or Singularity
  • Ansibel og Teraform
  • Queuing og batch systemer
  • Distribuerte filsystemer
  • Bruk og drift av tungrekneressursar
  • Git og Gitlab
  • DevOps

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønsteg 53-71 ( for tida kr 483 700 - 665 700) eller senioringeniør (kode 1181) i lønsteg 58-71 (for tida kr 524 900 - 665 700) i det statlige lønregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Nyutdanna er spesielt oppfordra til å søke.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS