Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Drift av LAB-IT - senioringeniør / overingeniør ved IT-avdelinga

Søknadsfrist: 04.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger.

Les meir om IT-avdelinga her.

Drift av LAB-IT - Senioringeniør / overingeniør ved IT-avdelingen

Vær med å forme framtidas IT-tenester for forskarane ved UiB!

Ved IT-avdelinga, Faggruppe for SAFE og LAB-IT er det ledig ei fast stilling overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling og drift av LAB-IT.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

Vi er i ferd med å etablere ei ny IT-teneste som skal støtte laboratoriedrifta og forskinga ved UiB. For å finne tekniske løysingar som dekkjer forskinga sine behov og som samstundes varetar krav til stabil drift, datatryggleik og personvern vil dette arbeidet krevje tett samarbeid med fagmiljøa.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikling, innføring og drift/forvalting av ny moderne IT-infrastruktur for laboratoriedrift.
  • Konvertering av laboratoria til ny driftsmodell, store deler av arbeidet vil gå føre seg ute i laboratoriemiljøa, og i tett samarbeid med laboratoriepersonell og forskarar.
  • Automatisering av driftsoppgåver.
  • Være med å etablere og vedlikehalde felles dokumenteringssystem og erfaringsbase for IT i laboratoria.
  • Samarbeide med leverandørar av laboratorieinstrument.
  • Overvaking, feilsøking og løysning av 2- og 3-linje oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God generell IT kompetanse.
  • Evne til arbeide tett med folk og interesse for brukarkontakt og å hjelpe andre.
  • Kjennskap til drift innanfor eit eller fleira av områda: nettverk, Windows, Linux og lagring.
  • Kunnskap om automatisering av driftsoppgåver.
  • Erfaring med feilsøking og feilretting i komplekse IKT-miljø.
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team.
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap.
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet.
  • For å bli tilsett som overingeniør eller senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, 53-71 (for tida kr 472 000 - 655 400), eller 58-71 (for tida kr 513 600 - 655 400) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkarar, kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, 917 15 378) eller
  • Gruppeleiar Tore Linde (tore.linde@uib.no, 997 16 980)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS