Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Labingeniør ved MultiLing / Institutt for lingvistiske og nordiske studier

Søknadsfrist: 29.05.2022

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og har eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Ei fast stilling som labingeniør (senioringeniør SKO 1181) er ledig ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.

Stillinga høyrer til den sosiokognitive laben, etablert av Senter for fleirspråkleigheit (MultiLing), eit senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd. Den sosiokognitive laben har eit avansert audio-visuelt system, to blikksporarar (SMI 250 RED, EyeLink 1000+), eit EEG-system (Brain Products) og anna IT-utstyr og software. Labingeniøren vil ta del i eit levande miljø beståande av forskarar, postdoktorar og ph.d.- og masterstudentar, som forskar innanfor ulike lingvistiske område, som psykolingvistikk, sosiolingvistikk og eksperimentell fonologi, i tillegg til å arbeide nært saman med labkoordinator og forskingsassistentar.

Arbeidsoppgåver

  • ansvar for dagleg drift av den sosiokognitive laben
  • støtte til forskarar i alle fasar av eksperimentelle undersøkingar i laben (t.d. oppsett, pilotering, og feilsøke eksperiment; kodeskript for datainnsamling, dataprosessering, vedlikehald og statistisk analyse)
  • innkjøp, installasjon, brukarstøtte og vedlikehald av utstyret i laben
  • utvikling og iverksetjing av optimale driftsprosedyrar for labutstyret (t.d. EEG og blikksporing)
  • opplæring av forskarar og studentar

Kvalifikasjonskrav

  • mastergrad eller innlevert masteroppgåve innanfor relevante fagområde. Søkar må gjere greie for korleis graden er relevant for stillinga. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • naudsynt kodeerfaring (t.d. PsychoPy, Python, R, MatLab) for å bygge eksperiment og prosessere ulike typar data (t.d. blikksporing, EEG, åtferdsdata)
  • erfaring med og interesse for kvantitativ forsking og eksperimentelle metodar
  • flytande munnleg og skriftleg engelsk

Ønska kvalifikasjonskrav

  • erfaring med dataprosessering, visualisering og statistisk analyse (t.d. «mixed-effect modelling»)
  • erfaring med å løyse tekniske utfordringar
  • erfaring med å samle EEG- og/eller blikksporingsdata og analysere desse (t.d. «time-course analysis», «cluster-permutation analysis», o.l.)
  • erfaring med å prosessere opptak av lyd og bilete
  • kjennskap til relevant programvare (t.d. Presentation, Brainvision Analyzer, SR Experiment Builder, ELAN, Praat)
  • erfaring med eksperimentelle metodar innan lingvistikk og/eller psykologi
  • kjennskap til norsk eller eit anna skandinavisk språk

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevne, inkludert evna til å «omsetje» tekniske omgrep og uttrykk slik at det blir forståeleg for forskarar og studentar
  • tar initiativ til å tileigne seg ny kunnskap og nye ferdigheiter som er naudsynleg for å kunne støtte den framifrå forskinga ved instituttet
  • sørvisinnstilt, løysingsorientert og tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 543 500 til kr 650 300 per år, avhengig av kompetanse, for stilling som senioringeniør
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

IT-verksemda ved Universitetet i Oslo og ved Det humanistiske fakultet er for tida under omorganisering. Stillinga vil kunne få ei anna organisatorisk tilknyting.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga: Senterleiar Unn Røyneland

For spørsmål om den sosiokognitive laben: Labkoordinator Franziska Köder

For spørsmål om søknadsprosessen: HR-rådgivar Julie Bårdsen Tøllefsen

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS