LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (journalist) (20 %) - Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS)

Søknadsfrist: 31.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (journalist) (20 %)

Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (20 %) med tilsetjing så snart som mogleg. Seniorkonsulenten skal arbeide som journalist/kommunikasjonsmedarbeidar med hovudvekt av arbeidsoppgåver knytt til innhaldsproduksjon og mediekontakt.

Arbeidsoppgåver:

  • produsere innhald som tekst, bilete og film for publisering på web, sosiale media og presse
  • mediekontakt og innsalg
  • hjelpe SEFAS sine forskarar med mediehandtering
  • bidra til utforming og vedlikehald av SEFAS sin mediestrategi

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha utdanning som journalist eller annan relevant medieutdanning. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • søkjar må ha erfaring frå journalistisk arbeid og breitt kontaktnett innan media
  • søkjar må ha erfaring med produksjon av innhald for sosiale media
  • erfaring med formidling av forsking og/eller helserelatert stoff er ein stor føremon
  • dokumentert erfaring med å skrive godt på engelsk og norsk

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har sterk digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • kommuniserer godt på begge våre arbeidsspråk: norsk og engelsk
  • har innsikt i tema knytt til helse og omsorg
  • kan sette seg inn i, og formidle, nye tema raskt

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS