Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Datahandterer / senioringeniør (Psykologisk institutt)

Søknadsfrist 04.02.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Psykologisk institutt er det ledig stilling som datahandterer/senioringeniør (SKO1181). Den som får stillinga skal jobbe tett opp mot instituttet sine forskarar og får en viktig rolle knytt til handtering av forskingsdata og laboratorieverksemd ved instituttet. Stillinga er nyoppretta, med gode moglegheiter til å bidra til å utvikle både stillinga og ansvarsområdet.

Forskinga ved Psykologisk institutt er samansett, teknologitung og knytt til ulike former for laboratorieverksemd. Datainnsamling føregår mellom anna gjennom MR, EEG, augerørslekamera, VR, appar, videoopptak, i tillegg til elektroniske spørjeskjema og intervju. Mange av laboratoria og prosjekta produserer store datasett, ofte med mykje sensitive data. I tillegg til dette fekk Noreg ny forskingsetikklov i 2017 og ny personvernlov i 2018. Alt dette gjer at Psykologisk institutt må styrke arbeidet knytt til datahandtering. I denne satsinga vil den nye stillinga som datahandterer bli sentral.

Ansvarsområder/arbeidsoppgåver

Datahandterer har mellom anna ansvar for:

  • Oppfølging av prosjekter og rettleiing av enkeltforskarar om handtering av forskingsdata og forskingsetikk
  • Å holde seg oppdatert på lov- og regelverk knytt til datahandtering
  • At informasjon om lagring og behandling av data er lett tilgjengeleg for instituttet sine forskarar og leiing
  • Dialog med Universitetet sitt senter for informasjonsteknologi (USIT) om datahandtering og sikker lagring
  • Strategisk utvikling av datahandtering ved Psykologisk institutt
  • Koordinering av støttefunksjonar/laboratorieassistentar ved instituttet

Arbeidsoppgåver vil mellom anna bestå i å:

  • Hjelpe og gje råd til forskarar med å lagre og behandle forskingsdata på en forsvarlig måte i høve til lovverk og UiO sine rutinar for datahandtering
  • Støtta forskarar i utvikling av datahandteringsplaner
  • Kartlegge og rydde i forskingsdata ved instituttet
  • Hjelpe i å strukturere, vaske og slette forskingsdata
  • Gje råd, kvalitetssikre og støtta forskarane og leiinga i utforming av databehandlingsavtalar
  • Være arbeidsleiar for instituttet sine laboratorieassistentar
  • Være sekretær for forskingsinfrastrukturutvalet ved instituttet
  • Samarbeide med andre datahandterarar ved UiO
  • Samarbeide tett med forskingsleiar
  • Delta i arbeidet med forskingsetikk og personvern ved instituttet.

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på minst masternivå
  • Spesielt gode IT-dugleik. Anten formell IT-utdanning eller dokumentert realkompetanse
  • Erfaring frå forsking. Det er ikkje krav om en ph.d., men det blir sett som ein føremon
  • Erfaring med prosjektarbeid og datahandtering
  • Det er ein fordel med kjennskap til analyseverktøy som R, SPSS, Matlab og NVivo
  • Gode språkferdigheiter i både norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Du må være serviceinnstilt
  • Du må evne å orientere deg i ein stor organisasjon og skape gode relasjonar og bygge nettverk
  • Du må være kreativ og ta initiativ samstundes som du er analytisk og systematisk
  • Gjennomføringsevne vil bli vektlagt
  • Det blir lagt vekt på at personen høver i stillinga

Vi tilbyr

  • Stillinga vert løna som senioringeniør (SKO 1181) med løn frå kr. 576 100 - 658 300 pr. år avhengig av kompetanse
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
  • God pensjonsordnng i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV
  • Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge
  • Vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadressse og telefonnummer)

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Kontorsjef Birgitte Bøgh-Olsen tlf. 22 84 51 04 e-post: birgitte.bogh-olsen@psykologi.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS