Ledig stilling på Universitetet i Sørøst-Norge

Stipendiat i historisk studium av politisk kultur

Søknadsfrist: 01.11.2019

USN Handelshøyskolen, Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitenskap har ledig stilling som Stipendiat i historisk studium av politisk kultur

Om stillinga

Ved USN Handelshøyskolen er det frå 1. januar 2020 ledig stilling som stipendiat innanfor tverrfaglege kulturstudiar.

Universitetet i Søraust-Noreg

Universitetet i Søraust-Noreg har om lag 19.000 studentar og ca. 1700 tilsette. Universitetet er organisert i fire fakultet, og har undervisnings- og FoU-verksemd på åtte campusar. Universitetet sin hovudprofil er å tilby profesjonsretta, arbeidslivsorienterte og samfunnsrelevante utdanningar, i tillegg til forsknings- og utviklingsarbeid.

Stillinga er knytt til Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitenskap, og næraste overordna er instituttleiar. Hovudarbeidsstad er p.t. Bø i Telemark.

Stipendiaten skal arbeide med forsking på politisk kultur for å undersøke korleis og kvifor den endra seg i den perioden da det materielle grunnlaget for samfunnet vart avgjerande endra og det moderne industri-/tenestesamfunnet oppstod. I Noregs tilfelle var dette frå midten av 1800-talet og frametter. Politisk kultur skal ein forstå breitt, som det sett av haldningar, normer og praksisar som er relevante for det politiske spelet og for politisk legitimitet og styring.

Prosjektet bør inkludere norske tilhøve, men det kan gjerne væra komparativt. Undersøkingsområdet kan såleis vera både lokalt, regionalt, nasjonalt og/eller nordisk, alt etter kva for tematikk og innretting stipendiaten vel. Kva for periode prosjektet skal ta for seg, avheng likeleis av tematikken.

Faggruppe for historie i Bø samarbeider med fleire regionale institusjonar. Prosjekt med tilknyting til Telemark vil ha ein føremon der to prosjekt elles står likt, men ein slik tilknyting er ikkje noko krav.

Korleis vart den politiske kulturen påverka av industrialisering, endra kommunikasjonar, næringsutvikling og samfunnsmodernisering generelt? Eit døme på eit mogleg tema er korleis oppbygginga av store einsidige industristader verka inn på den politiske kulturen. Eit anna er å undersøke korleis bestemte økonomiske interesser fann gjenklang i den politiske styringa. Dette kunne skje t.d. gjennom direkte påverknad eller gjennom at den rådande politiske tenkemåten og språket gjekk saman med eit visst økonomisk paradigme, eller ved at økonomiske og politiske elitar danna nettverk.

Det er vel kjent korleis samfunnsmoderniseringa sterkt endra rolla enkelte samfunnsgrupper hadde (som borgarskap, bønder, handverkarar, embetsmenn), og at den skapte nye (proletariat, funksjonærar), og at dette verka til å frata nokon grupper makt, økte innverknad andre grupper hadde, og i siste instans forma heile politiske systemer. Kva for rolle den politiske kulturen spela i disse prosessane, er derimot mindre utforska.

Norsk/nordisk politisk kultur, prega m.a. av egalitarisme og pragmatisme, vert ofte oppfatta som ein del av «den nordiske modellen», men det er ikkje forska mykje på i kva grad den politiske kulturen i dag er avgjerande forma av moderniseringa eller mest er ein vidareføring av trekk frå det førindustrielle samfunnet.

Dette er nokre eksempel og er langt i frå meint å vere ei uttømmande liste over moglege perspektiv. Søkjarane blir oppmoda til sjølve å legge fram eigne originale perspektiv og forskingsstrategiar.

Tilsetting skjer for ein periode på fire år med 25 % undervisningsplikt.

Kvalifikasjonar

Søkjarar til stipendiatstillinga må ha mastergrad eller tilsvarande høgare utdanning innan historie, idéhistorie eller eit anna relevant humanistisk eller samfunnsvitskapleg fag, eller relevant tverrfagleg utdanning med ein vekta gjennomsnittskarakter på B eller betre. Graden må væra oppnådd innan søknadsfristen er ute. Søkjarar må ha god kjennskap til historia til minst eitt av dei nordiske landa og bør ha dokumentert erfaring i sjølv å arbeide med ei historisk tilnærming. Det er eit absolutt krav å kunne lese skandinaviske språk.

Søkjarane må legge ved ei fagleg gjennomarbeidd prosjektomtale (5–10 sider, inkl. litteraturliste) for arbeidet i stipendiatperioden. Her skal søkjaren gjere greie for tema, problemstilling, teori og metodisk opplegg, og gi ein tidsplan for gjennomføringa av prosjektet. Ved vurdering av søkjarane blir det blant anna lagt vekt på kvaliteten og relevansen til den innsendte prosjektomtalen og på kvaliteten og relevansen til masteroppgåva (og eventuell seinare forsking).

Den som vert tilsett må ha evne til sjølvstendig arbeid, og samtidig væra motivert for å dele kunnskapar og delta i samarbeid. Det vert vektlagt om søkjarar er personleg egna for stillinga.

Stipendiaten vert tilsett ved Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitenskap og vil få hovudrettleiar ved dette instituttet. Undervisningsplikta vil særleg bli knytt til faggruppe for historie i Bø, men også undervising på andre fagtilbod ved fakultetet kan kome på tale.

Det er eit vilkår for tilsetjing at den som får stillinga søkjer og vert teken opp ved doktorgradsstudiet i tverrfaglege kulturstudiar ved USN.

Vi tilbyr

  • Fagleg miljø i utvikling og gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
  • Godt sosialt miljø
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Lønn og vilkår

Stillinga har ei årslønn på kr. 479 600/ ltr. 54 (stillingskode 1017), LR 20, alt. 10. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå lønna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Andre opplysningar

Tilsettingsorgan er tilsetjingsutvalet for stipendiatstillingar ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Det vil verte gjennomført sakkyndig vurdering av søkjarane, og aktuelle søkjarar vil deretter bli innkalla til intervju og må i den samanhengen rekne med å presentere og utdjupe prosjektet sitt munnleg.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, forskrifter og avtalar som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Søraust-Norge har eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn.

I tillegg ynskjer vi at våre medarbeidarar i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Instituttet har få kvinner tilsett i vitskaplege stillinger, og kvinner vert derfor særskilt oppmoda til å søkje stillinga.

Etter offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom slik førespurnad ikkje blir teken til følgje.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

  • Faggruppeleiar, professor Nils Ivar Agøy (nils.i.agoy@usn.no), tlf. 35 95 26 36 / 48 60 59 98
  • Forskargruppeleiar, førsteamanuensis Kai Østberg (kai.ostberg@usn.no), tlf. 35 95 26 34 / 47 82 31 51
  • Instituttleiar, professor Annett Arntzen (Annett.Arntzen@usn.no), tlf. 31 00 90 51 / 45 29 57 08

For spørsmål om søknadsprosess:

  • Seniorrådgjevar Wigdis N. Nordhus, tlf. 31 00 94 09

Slik søkjer du

Universitetet i Søraust-Noreg nyttar elektronisk handsaming av søknader. Vi ber søkjarar om å registrere søknad og CV elektronisk ved å klikke på lenka ”Søk stillingen”. Søkjarar skal legge ved følgjande dokument til den elektroniske søknaden:

1. attesterte vitnemål frå høgskole/universitet og attester

2. hovudfags-/masteroppgåva

3. prosjektomtale på 5–10 sider, inkl. litteraturliste

4. eventuelle vitskaplege publikasjonar og liste over desse

5. kontaktinformasjon til tre referansar

Vi gjer merksam på at alle dokument må væra på et skandinavisk språk eller på engelsk. Eventuelle omsetjingar må væra attesterte.

Relevante vedlegg må ein laste opp saman med CV/søknad i rekrutteringsportalen Jobbnorge, og søkjar har sjølv ansvar for å syte for at etterspurt dokumentasjon har vorte lasta opp til søknaden.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS