Stilling:

Leiar for IKT og arkiv i SIU

Søknadsfrist 2. september 2018

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) har ledig stilling som leiar ved Eining for IKT og arkiv. Einingen er ein del av SIUs administrasjonsavdeling, og har i dag sju faste tilsette. Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for administrasjonsavdelinga. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetting.

Vi søkjer ein erfaren og fagleg trygg leiar som kan vere ein pådrivar i arbeidet med å utvikle og implementere SIU sin digitaliseringsstrategi. Som leiar vil du ha ansvaret for å sikre styring og utvikling innan det IKT- og arkivfaglege område. I samarbeid med øvrig leiing vil også leiar for einingen vere sentral i digitaliseringsarbeidet som mellom anna inkluderer informasjonssikkerhet, bruk av skytenester, digitalt fyrsteval, standardisering og effektiviseringsprosesser for organisasjonen.

SIU

SIU fremmar kvalitet i utdanning gjennom nasjonale og internasjonale insentivordningar. Frå september vil vi vere kjent som Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet. I tillegg arbeider vi for blant andre Utanriksdepartementet, Europakommisjonen, Europarådet og Nordisk ministerråd. Vi har hovudkontor i Bergen og kontor i Tromsø, med om lag 120 tilsette totalt.

Arbeidsoppgåver

· Leiing, styring og koordinering av Eining for IKT og arkiv

· Direkte ansvar for einingen sine tenester, herunder IKT-sikkerheit, drift, brukarstøtte, opplæring, utvikling og arkivtenester. I tillegg vil leiaren ha direkte rapporterande medarbeidarar på desse områda

· Sikre at den operative systemstøtta til organisasjonen er effektiv og hensiktsmessig

· Sjå til at det er utarbeidde relevante interne retningsliner og prosedyrar innan fagområdet

· Etablere og videreutvikle gode system og prosessar innan fagområdet

· Rådgje i digitaliseringsarbeidet

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

· Relevant utdanning innan fagområdet på masternivå eller tilsvarande realkompetanse

· Må kunne utfordre løysingar og metodar på ulike systemnivå i organisasjonen

· Erfaring innan ITIL og kunnskap om eGovernance

· Kunnskap og erfaring frå økonomistyring/budsjettansvar

· Kunnskap og erfaring frå risiko- og prosjektstyring

· Erfaring frå personalleiing

· Gode leiareigenskapar

· Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

· Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

· God relasjonsbyggjar, strategisk, analytisk og prosessorientert

Vi tilbyr

· Stillingsbrøk: 100 %

· Ei spanande leiarstilling med varierte og interessante oppgåver

· Eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø i moderne lokaler

· Gode og fleksible arbeidsvilkår (sommartid og moglegheit for trening i arbeidstida)

· Gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse

SIU er medlem i Statens pensjonskasse og tilsette vert lønna etter statens lønsregulativ. Vi praktiserer fleksibel arbeidstidsordning og er ei IA-verksemd.

Løn som seksjonssjef (kode 1211) med lønsspenn kr 695 000 til kr 778 000. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med vår rekrutteringsrådgivar i Adecco Select, Anders Mellingen, på mobil 404 52 656 eller e-post anders.mellingen@adecco.no. Alle spørsmål og førespurnader behandlast konfidensielt, også ovanfor oppdragsgivar i ein tidleg fase om ønskeleg.

Søk på stillingen her

Powered by Labrador CMS