Stilling:

Vitskapleg assistent knytt til metodeundervising (Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap)

Søknadsfrist 03.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stillinga:

Ved Sosiologisk institutt, Institutt for samanliknande politikk og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent for emnet MET102 samfunnsvitskapleg metode for ein periode på inntil 2 år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Den utlyste stillinga er knytt til undervisningsemne MET102 samfunnsvitskapleg metode som er eit emne dei tre institutta i dag samarbeider om. Den som vert tilsett vil få arbeidsplass ved eit av institutta. Det vil i periodar vere moglegheit til å setje av tid til utvikling av eige prosjekt.

Arbeidsoppgåvene:

  • Samarbeid med faglærarane og emneansvarleg om gjennomføring av MET102 og sjølv bidra til undervisning og sensur
  • Ta del i arbeidet med utlysing og tilsetjing av undervisningsassistentar på MET102 samt oppfølging av assistentane
  • Koordinering av og deltaking i gruppeundervisninga med undervisningsassistentane
  • Det blir undervist i både kvalitativ og kvantitativ metode
  • Gje opplæring i bruk av statistisk analyseprogram (Stata)
  • Administrasjon og informasjonsarbeid overfor studentane. Bruk av Mitt UiB vil inngå i arbeidet
  • Ansvar for gjennomføring av studentevaluering av undervisninga
  • Det kan bli mindre endringar i arbeidsoppgåvene i løpet av stillingsperioden

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i eit av dei aktuelle faga. Om masteroppgåva ikkje er levert til vurdering innan søknadsfristen, må mastergraden vere oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentere gode og breie kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode
  • Dokumentert erfaring med undervisning/seminarleiing er ønskjeleg
  • Søkjarar må ha erfaring i bruk av statistiske analyseprogram (helst Stata)
  • Det vert lagt vekt på eksamensresultat, arbeidserfaring, samt søkjaren sine personlege eigenskapar og evne til kommunikasjon og samarbeid
  • God språkkunnskap i norsk, munnleg og skriftleg, samt engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (kode 1020). Dette utgjer for tida kr. 449 400. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS