Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent (Institutt for sosialantropologi)

Søknadsfrist: 31.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig to 100 % stillingar som vitskapleg assistent i perioden 5. august 2019 til 7. juni 2020. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Arbeidsoppgåver:

Det er behov for undervisningsassistentar i følgjande emne:Hausten 2019: SANT100, SANT104 og SANT105Våren 2020: SANT102, SANT103, SANT215 og SANT240

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosialantropologi
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i begynnelsen av semesteret
  • Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). Dette utgjer ei årsløn på kr. 449.400. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk stillinga”.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettas til rådgjevar Anita Helen Spurkeland, e-post anita.spurkeland@uib.no, eller tlf. 55 58 90 58.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS