Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent - Senter for klima og energiomstilling (CET)

Søknadsfrist: 20.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senter for klima og energiomstilling (CET) er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent. Stillinga lyses ut for en periode på 1 år. Stillinga er knytt til forskingsprosjektet European Cities as Actors in Climate and Energy Transformations, finansiert av Trond Mohn-stiftelsen (tidlegare Bergen Forskningsstiftelse).

Den vitskaplege assistenten vil inngå i CET-senteret, et tverrfaglig og dynamisk miljø på Det Samfunnsvitenskapelige Fakultet, og være en del av forskingsgruppa SpaceLab. Den vitskaplege assistenten vil utføre datainnsamling og drive forskingsadministrasjon i prosjektet, og bidra med støtte til prosjektleier.

Forskingsprosjektet ser på berekraftig omstilling i byer, med særlig vekt på politikkutforming og nettverksrelasjonar i og mellom byene. Prosjektleier er professor Håvard Haarstad. To doktorgradstipendiatar jobbar fulltid på prosjektet, og andre forskarar er tilknytt. Prosjektet har en samfunnsgeografisk profil, men har faglige koplingar til fagfelt som statsvitskap, sosiologi, antropologi og liknande. Meir informasjon om prosjektet finnes her:

https://www.uib.no/en/cet/126450/european-cities-actors-climate-and-energy-transformation

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • Kvalitativ datainnsamling
  • Bidra til formidling frå prosjektets forsking og aktiviteter
  • Organisering av møter, seminar og konferansar
  • Anna administrativt arbeid i prosjektet, i en støttefunksjon til prosjektleier

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i samfunnsgeografi eller andre disiplinar relevant for prosjektet. Mastergraden må vere innlevert ved søknadsfrist.
  • Kjennskap til og interesse for klima, energiomstilling, og berekraft
  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid og formidling er å føretrekkje
  • God formidlingsevne, munnleg og skriftlig
  • Norske språkkunnskapar er positivt, men ikkje et krav

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar
  • Er open, omgjengeleg og fleksibel
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). Dette utgjer for tida kr. 449 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søkaren skal i søknadsbrevet beskrive sin teoretiske og metodiske kompetanse.

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 20. mai

Søknaden skal merkast: 19/4828

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleier, Professor Håvard Haarstad, havard.haarstad@uib.no, telefon 55 58 45 81 (kontor) og 93 44 77 27 (mobil), eller
  • Administrativ kontaktperson Beathe Moldestad, Beathe.Moldestad@uib.no, telefon 55 58 90 56

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS