Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent - Centre for Research on Discretion and Paternalism

Søknadsfrist: 01.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Det er ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent ved Centre for Research on Discretion and Paternalism, eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

Senteret adresserar eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekter undersøkes beslutningstaking og maktbruk i velferdsstaten. Dei pågående forskingsprosjekta som ligg til senteret analyserer avgjerdspraksis og strategier for legitimering innafor ulike barnevernssystem når staten grip inn i familien for å verne interessene til born.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for prosjektleiar professor Marit Skivenes og andre vitskaplege medarbeidarar ved senteret i deira forskingsverksemd.

Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode, og vi søker ein person som har høge ambisjonar for forskinga og som ynskjer seg ei karriere innan forsking. Stillinga er for eit år, med mulegheit for ytterlegare eit år. Samla tilsetjingstid for denne stillinga kan ikkje overstige to år.

Sjå nettsida til Center for Research on Discretion and Paternalism http://www.discretion.uib.no og tilsettsida til professor Skivenes for meir informasjon om forskinga ved senteret http://www.uib.no/nb/personer/Marit.Skivenes.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og inkludere oppgåver i tilknyting til arbeid med: søknader om løyve for bruk av datamateriale; koding av datamateriale; administrere surveyundersøkingar; hjelpe forskarane ved senteret med praktiske oppgåver; innhente tal- og statistisk materiale; gjere statistiske køyringar; organisere konferansar og seminar; gjennomføre litteratursøk; samt førefallande administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosiologi, statsvitskap eller økonomi (andre samfunnsvitskaplege fag kan bli vurdert). Graden må vere avlagt innan søknadsfristen.
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentera gode kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode, både kvalitative og kvantitative, samt god kunnskap i bruk av statistiske analyseprogram som Stata eller SPSS.
  • Svært god språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg, krevjast
  • Gode språkkunnskapar i tysk og/eller spansk tel positivt
  • God administrativ IT - kompetanse
  • Det vert lagt vekt på eksamensresultat og arbeidserfaring frå forskingsprosjekt
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Høg arbeidskapasitet
  • Sterk motivasjon for forskinga som gjeld feltet som Discretion-prosjektet omhandlar

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51/årslønn 449 400 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida.

Søknadsfrist: 1. august 2019

Søknaden skal merkast 19/5821.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS