Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapeleg assistent (50 %) - Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst

Søknadsfrist: 24.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapeleg assistent (50 %)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei 50 % stilling som vitskapleg assistent knytta til fokusområdet grafikk frå 1. august 2019.

Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudssak vil ha oppgåver knytt til forskningsprosjektet «The Feminist School of Printmaking.» Assistenten vil få delta i ei spennande fase for fokusområdet og inngå i eit dynamisk forskingsmiljø og få gode utviklingsmoglegheiter.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den faglege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i kunstnarleg utviklingsarbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Ta del i og bidra inn i grafikk sitt forskningsprosjekt «The Feminist School of Printmaking» gjennom teknisk støtte, tilrettelegging av forskingsaktivitetar som seminar samt eigen forsking.
  • Undervise studentar i ulike grafiske teknikkar og relaterte kunstnarlege tema.
  • Bidra til ei vidare utvikling av studietilbodet innan fokusområdet for grafikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i kunst, fortrinnsvis innan relevant tematikk for fokusområdet
  • Kjennskap til forsking relatert til fokusområdet
  • God språkkunnskap og formuleringsevne i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst og fleksibel
  • Vere serviceinnstilt og imøtekommande
  • Ha gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 49 - 53 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). Dette utgjer for tida kr. 435.500 – 464.800. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål som visar at du har relevant utdanning
  • Relevante attestar
  • Liste over kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS