Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor i russisk - 20 % bistilling

Søknadsfrist: 23.04.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen er det ledig ei 20 % bistilling som universitetslektor i russisk frå 1. august 2019 til 31. juli 2021. Det kan bli aktuelt å utvide tilsetjingsperioden.

Institutt for framandspråk (IF) har i underkant av seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar, fire postdoktorar, elleve administrativt tilsette og mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og i spansk språk og latinamerikastudium. Russiskfaget har 3,5 faste stillingar og har undervisning på bachelor- og mastergradnivå. Faget har i tillegg postdoktor og ph.d.-stipendiatar.

Arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, må primært kunne undervise i russisk språk på bachelornivå. Arbeidet vil i hovudsak omfatte undervisning i teoretisk grammatikk, omsetjing og praktisk språkbruk, samt retting, rettleiing, eksamensarbeid og administrasjon knytt til undervisninga. Det kan òg bli aktuelt med undervisning på masternivå i russisk språkvitskap, litteratur eller kultur, alt etter kvalifikasjonane til den som blir tilsett.

Undervisninga kan eventuelt blir lagt i bolkar. Undervisningsspråka på faget er hovudsakleg norsk og russisk. Administrasjonsspråket ved instituttet er norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Instituttet søkjer etter ein person med følgjande kvalifikasjonar:

  • Norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse i russisk.
  • Pedagogiske kvalifikasjonar og brei og relevant undervisningserfaring frå høgskule eller universitet.
  • Særs god kompetanse i munnleg og skriftleg russisk og norsk.
  • Vitskaplege arbeid utover masteroppgåva er ein føremon, men ikkje eit krav.

Dersom ein søkjar med doktorgrad blir tilsett, blir vedkomande tilsett som førstelektor.

Det er ein føresetnad at søkjarane har ei anna hovudstilling (minst femti prosent), til dømes i skuleverket.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og deltek i drifta av instituttet. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Løn:

For universitetslektor løn tilsvarande lønssteg 52-64 (kode 1009/LR 25), kr. 456.500 - 565.100, i statens lønsregulativ etter tenesteansiennitet. Ved tilsetjing som førstelektor løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1011/LR 24), kr. 565.100, i statens regulativ. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev og CV

2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar)

3. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

4. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

5. Ev. representative vitskaplege arbeid (maks 30 sider) og publikasjonsliste

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format.

Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til prøveforelesing og intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 23.04.2019

Merk søknaden: 19/3320

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Åse Johnsen på telefon 55 58 22 90 eller e-post ase.johnsen@uib.no, eller til
  • Fagkoordinator Brita Lotsberg Bryn på telefon 55 58 29 91 eller e-post brita.bryn@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS