Stilling:

Universitetslektor i latinamerikansk historie – 20 % bistilling / vikariat

Søknadsfrist 7. desember 2018

Ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen er det ledig ei 20 % bistilling/vikariat i 20 % stilling som universitetslektor i latinamerikansk historie frå 1. august til 31. desember 2019. Det kan bli aktuelt å utvide tilsetjingsperioden.

Institutt for framandspråk (IF) har meir enn femti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-studentar, fire postdoktorar, elleve administrativt tilsette, og mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og i spansk språk og latinamerikastudium. Spanskfaget er eit av dei større faga ved instituttet, med sju fast tilsette fordelt på disiplinane språk, litteratur, historie/kulturkunnskap og fagdidaktikk. I tillegg har spanskfaget eit omfattande vidareutdanningstilbod med fleire fast tilsette i deltidsstillingar. Faget er både eit språkfag, og eit områdestudium med fokus på Latinamerika.

Arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, må kunne undervise i latinamerikansk historie på bachelor- og masternivå. Arbeidet omfattar undervisning, rettleiing, eksamensarbeid og administrasjon knytt til undervisninga. Undervisning og rettleiing går hovudsakleg føre seg på spansk. Administrasjonsspråket ved instituttet er norsk.

Kvalifikasjonskrav

Instituttet søkjer etter ein person med følgjande kvalifikasjonar:

  • Norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse innanfor latinamerikansk historie.
  • Pedagogiske kvalifikasjonar og brei og relevant undervisningserfaring frå høgskule eller universitet.
  • Særs god kompetanse i munnleg og skriftleg spansk.
  • Vitskaplege arbeid utover masteroppgåva er ein føremon, men ikkje eit krav.

Dersom ein søkjar med doktorgrad blir tilsett, blir vedkomande tilsett som førstelektor og med same undervisningsplikter som universitetslektor.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og deltek i drifta av instituttet. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Løn

For universitetslektor løn tilsvarande lønssteg 52 - 64 (kode1009/LR 25) i statens lønsregulativ etter tenesteansiennitet. Ved tilsetjing som førstelektor løn etter lønssteg 64 (kode 1011/LR 24) i statens regulativ. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev og CV

2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar)

3. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

4. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

5. Ev. representative vitskaplege arbeid (maks 30 sider) og publikasjonsliste

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til prøveforelesing og intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 07.12.2018

Merk søknaden: 18/11743

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS