Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (psykiatri)

Søknadsfrist: 29.09.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (psykiatri) ved Klinisk institutt 1, med arbeidsstad ved Førde Sentralsjukehus

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 %) i medisin (psykiatri) for ein periode på fire (4) år. Stillinga er knytt til fast hovudstilling som lege ved Førde Sentralsjukehus og berre legar tilsett ved dette sjukehuset kan søke denne stillinga. Arbeidsstad er ved same sjukehuset.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudoppgåver i stillinga vil vere tilrettelegging av praksisutplassering og delta i praksisundervisning av medisinske studentar som er i utplassering i voksen- og barnepsykiatri ved Helse Førde, inkludert Nordfjordeid psykiatri senter

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må vere cand.med. eller tilsvarande kompetanse og ha norsk autorisasjon som lege
  • søkjar må vere spesialist i psykiatri
  • det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, saman med engasjement og interesse for undervisning
  • det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring og erfaring med populærvitskapleg formidling
  • pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn frå lønssteg 52-63 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 464 000 - 563 700 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar samt ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • fullstendig publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagleg koordinator Mona Skivenesvåg Løvø, e-post: mona.grete.skivenesvag.lovo@helse-forde.no, tlf.: 992 75 730 eller
  • Instituttleiar professor Kjell-Morten Myhr, e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no, tlf.: 55 97 60 31 / 414 47 868

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS