Stilling:

Universitetslektor (20 % bistiling) i helseleiing

Søknadsfrist 19. august 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % bistilling) i helseleiing for ein periode på fem (5) år. Stillinga er knytt til fast relevant hovudstilling i Bergen kommune. Det må gå fram av søknaden kvar søkjar har hovudstilling.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Guri Rørtveit, e-post guri.rortveit@uib.no , telefon 55 58 61 41

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må vere lege med leiarfunksjon og ha brei erfaring med leiing både i primærhelsetenesta og i organisasjonsliv. Vidare må ein ha relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning.

Det vil vidare verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Løn

Universitetslektor vert lønt etter lønssteg 51-61 (kode 1009/lønsramme 25.5), for tida 449 400 - 534 100 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, etter tenesteansiennitet. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervisning og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid, og til utan ekstra godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenka «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

● vitnemål og attestar

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

Dersom du driv forsking legg du og ved:

● fullstendig publikasjonsliste

● ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde

● vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her

Stillingsomtale

Universitetslektor (20% bistilling)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % bistilling). Stillinga vil primært vere knytt til utdanninga innan helseleiing. Stillinga er eksternt finansiert av Bergen kommune, som ledd i ein felles strategi for universitetet og kommunen for å styrke forsking og utdanning innan primærhelsetenesta. Sentralt i denne satsinga er etableringa av Alrek helseklynge (les meir her: https://www.uib.no/alrekhelseklynge). Stillinga er knytt til fast hovudstilling i Bergen kommune og gjeld for 5 år.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin er eit av fem institutt under Det medisinske fakultet. Til instituttet høyrer det for tida til 60 fast vitskapleg tilsette og 25 fast teknisk/administrativt tilsette. Instituttet har til ein kvar tid omlag 20 postdoktorar og 130 doktorgradsstudentar. I tillegg er det omlag 120 masterstudentar i helsevitskap. Dei vitskapleg tilsette er organisert i fagområder, og i tillegg i undervisnings- og forskingsgrupper.

Den som vert tilsett vil bli knytt til eitt av fagområda ved instituttet, avhengig av kompetanse og interessefelt. Ein vil og bli tilknytt relevant undervisingsgruppe. Undervisninga vil i hovudsak vere retta mot instituttet sitt masterprogram i helseleiing og vidare- og etterutdanningskurs knytt til dette programmet. I tillegg er det aktuelt å bidra i undervising i samfunnsmedisin og/eller allmennmedisin, spesielt når det gjeld tilrettelegging for praksis for legestudentar i Bergen kommune.

Instituttet har fagleg ansvar for etablering av ein ny infrastruktur for forsking i primærhelsetenesta, PraksisNett (les meir her: https://www.uib.no/praksisnett). Det er ønskeleg at den som vert tilsett bidreg i kommunikasjon med Bergen kommune om dette prosjektet.

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamen ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

Den som vert tilsett vil få delansvar for utforming av undervisninga i samsvar med den til kvar tid gjeldande studieplan, og for undervisning av studentar, samt vidare- og etterutdanningsaktivitetar.

Det medisinske fakultet har ansvar for utdanning av studentar innan medisin, odontologi, farmasi, ernæring og helsefag.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett, må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjing ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Søkjar må dokumentera undervisnings- og administrativ erfaring, samt erfaring med populærvitskapleg formidling. Det blir lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Den tilsette kan bli pålagt å delta i universitetets styringsorgan, komitear og anna arbeid.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal vektleggast ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

• oversyn over undervisningsomfang og -nivå

• oversyn over mastergrads- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, slik som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø.

Tilsetjinga føregår på grunnlag av vurdering av ein vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS