Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Undervisningsassistent / seminarkoordinator (Institutt for geografi)

Søknadsfrist: 27.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Undervisningsassistent/seminarkoordinator

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig en 100 % stilling som undervisningsassistent/seminarkoordinator i perioden 5. august 2019 til 7. juni 2020. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Undervisningsassistenten har som hovudoppgåva å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisningssverksemd.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere undervisningsassistent på delar av emna GEO100, GEO110, GEO113, GEO125, GEO131, GEO215, GEO281 i haustsemesteret 2019, tilpassa utdanningsbakgrunnen til den som får stillinga
  • Leie seminargrupper/datalab i dei respektive emna, både på norsk og engelsk.
  • Kommentere obligatoriske oppgåver
  • Vere seminarkoordinator for alle undervisningsassistentane
  • Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar og årsstudentar i geografi, spesielt dei heilt ferske studentane
  • Planlegge rekrutteringsarbeid og besøk på vidaregåande skular
  • Førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i geografi
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrja av semesteret
  • Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). Dette utgjer ei årsløn på kr. 449.400. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk stillinga”.

Søknadsfrist: 27. mai 2019

Søknaden skal merkast: 19/5681

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Grethe Meling, e-post grethe.meling@uib.no eller tlf. 55 58 30 73

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Beathe Moldestad, e-post beathe.moldestad@uib.no, eller tlf. 55 58.90 56.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS