Stilling:

Tannhelsesekretær (fleire stillingar)

Søknadsfrist 24. oktober 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig faste stillingar som tannhelsesekretær i ulike stillingsbrøkar.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.

Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.

Arbeidsoppgåver

  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
  • røntgenfotografering
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • pasientadministrative oppgåver
  • kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
  • evne til fleksibilitet, nytenking og initiativtaking
  • ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kompetanse innan data og Opus journalsystem
  • handtera telefonar
  • evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø

Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønssteg 32-44 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.10), for tida 346 000 – 403 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgjevar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Slik søkjer du stillinga

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen