Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i kvartærgeologi

Søknadsfrist: 24.07.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i kvartærgeologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til UiB-finansiering og ekstern finansiering.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiatstilliga er retta mot kvantitativ geomorfologi med hovudvekt på talfesting av landformer sin alder ved bruk av in situ kosmogene nuklidar. Aldrar frå glasiale landformer blir nytta til å etablere kronologi, mens nuklidekonsentrasjonar er grunnlag for talfesting av komplekse overflate-historier og erosjonsratar.

Det skal utførast prøveinnsamling, laboratoriearbeid og modellering av data for å avgjere til kva tid landformer vart danna, og for å undersøke landskapsutvikling over ulike tidsrom. Talfesting av aldrar, historier og ratar vil verte gjort basert på materiale preparert ved UiB sin prepareringsfasilitet for kosmogene nuklidar og analyse ved utanlandske AMS-laboratorium. Prøvemateriale vil vere frå mellom anna Noreg og Kerguelen.

Delar av arbeidet vil verte gjennomført i samband med dei eksisterande prosjekta Past behaviour of the Southern Ocean's atmosphere and cryosphere (SOUTHSPERE) og Cave deposits as archives of climate and environmental changes - A Center of Excellence in speleological research (KARSTHIVES). Vidare vil eksisterande datasett med enkelt og para in situ kosmogene nuklidar verte supplerte med fleire in situ kosmogene nuklidar for talfesting av komplekse overflatehistorier og erosjonsratar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i kvartærgeologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert erfaring med laboratoriearbeid, til dømes mineralseparasjon og preparering av steinprøvar for analyse av in situ kosmogene nuklidar, samt etablering av kronologi, er eit krav.
  • Den ideelle kandidaten har erfaring med kvartærgeologisk kartlegging og stratigrafi, kvantitativ geomorfologi og kosmogene nuklidar.
  • Erfaring frå analyse, tolking og modellering av para eller fleire in situ kosmogene nuklidar er ein føremon.
  • Erfaring med ArcGIS, program som CorelDraw/Adobe Illustrator, og verktøy for numerisk simulering og programmering (t.d. C/C++, Python, MATLAB, R) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Henriette Linge, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, +4755583528, e-post: henriette.linge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS